Inntektskravet skulle få fleire i jobb. Det skjedde ikkje.
Inntektskravet for å få permanent opphald i Noreg får i liten grad fleire innvandrarar i jobb – stikk i strid med intensjonen.
Kort oppsummert
- Inntektskravet for permanent opphald gjev liten effekt på arbeidsdeltaking – stikk i strid med intensjonen.
- Kravet fører til lengre veg til permanent opphald, særleg for kvinner.
- Mange lever lenge med mellombelse løyve, noko som skapar uvisse og avgrensar rettar.
Kort oppsummert er laga ved hjelp av Copilot. Teksten er kvalitetssikra av OsloMet.
Men kravet fører òg til at det tek lengre tid å få permanent opphald, viser ny forsking.
Då inntektskravet vart innført i 2017, sa politikarane at dei ville motivera innvandrarar til arbeid og sjølvforsørging.
– Analysane våre viser at effekten er liten på lang sikt. For dei fleste innvandrargrupper har ikkje kravet fått fleire i jobb, seier Anne Balke Staver, forskar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet.
Staver leier forskningsprosjektet REMIMO (uni.oslomet.no). Det undersøker korleis inntektskravet påverkar arbeidsdeltaking, permanent opphaldsstatus og opplevinga av regelverket.
– For flyktningar ser vi ei kortvarig auke i jobbdeltaking etter tre år. Men effekten forsvinn etter fem år, seier Staver, og legg til:
– Det er berre ei lita gruppe – familieinnvandrarar som er gifte med nordmenn – som kjem noko meir i jobb. For andre familieinnvandrarar og arbeidsinnvandrarar ser vi ikkje fleire i jobb med inntektskravet i det heile.
Færre får permanent opphald
Forskarane fann likevel andre effektar av inntektskravet:
- Delen familieinnvandrarar som får permanent opphald etter tre år, har falle frå nesten 40 prosent til litt over 20 prosent.
- Nedgangen er størst for kvinner.
- Mange lever lenge med mellombelse løyve. Det skapar uvisse og gjer kvardagen vanskeleg.
– Viss målet er å stramma inn slik at færre får permanent opphaldsløyve, verkar inntektskravet etter føremålet. Men då må politikarane vera tydelege på at det er formålet – ikkje at kravet skal få fleire i jobb, seier Staver.
Kan ikkje byta bransje eller skilja seg
Å leva utan permanent opphald i Noreg får store konsekvensar.
Arbeidsinnvandrarar kan til dømes ikkje byta bransje eller starta eige firma utan permanent opphald. Løyvet deira er knytt til fulltidsjobb og lønn i same bransje som då dei kom til landet.
Permanent opphald betyr òg tryggleik for mange. Då kan ein bli verande i Noreg sjølv om jobben eller ekteskapet tek slutt.
Ektefellar som kjem gjennom familieinnvandring, kan ikkje skilja seg før dei får permanent opphald viss dei ønskjer å bli verande i landet. Dei må med andre ord tena minst 325 000 kroner i året før dei kan skilja seg.
– Permanent opphald betyr at eg ikkje treng å vera redd for å bli kasta ut av landet, sa ein av dei forskarane intervjua.
Styresmaktene kan òg kalla tilbake flyktningstatus dersom forholda i heimlandet endrar seg. For flyktningar betyr permanent opphaldsløyve difor at dei kan leva utan frykt for å måtte forlata Noreg.
Kvifor verkar ikkje kravet?
Forskarane meiner at hindringar i arbeidslivet ikkje vert tekne omsyn til i inntektskravet.
– Folk møter krav til norskferdigheiter, godkjenning av utdanning og diskriminering. Mange slit òg med å få fulltidsjobb. Då vert kravet meir eit hinder enn eit insentiv til å ta ein deltidsjobb. Insentiv verkar berre viss folk faktisk kan gjera det som vert løna, seier Staver.
Ho meiner det finst andre tiltak som ville fungera betre dersom målet er å få fleire innvandrarar i jobb:
- Meir og betre norskopplæring
- Raskare og meir føreseieleg godkjenning av utdanning
- Arbeid mot diskriminering
- Tiltak som gjev fleire tilgang til fulltidsarbeid
– Resultatet av dagens politikk er at fleire går lenger med mellombelse løyve, seier Staver.
Utfordringar for rettar
Ein lengre veg til permanent opphald gjev òg lengre veg til statsborgarskap. Det kan bety seinare stemmerett i nasjonale val.
– Sett på spissen kan ein seia at vi har gjeninnført at berre dei med inntekt får stemmerett, seier Staver, og legg til:
– Dette utfordrar prinsippet om likskap og universelle rettar – særleg når vi ser at kravet i større grad rammar kvinner.
Relaterte saker
- By, regioner og urbanitet
Slik skal kommunene få flere flyktninger i jobb
Over 40 kommuner samarbeider for å snu utviklingen, og deler løsninger som virker.
- Arbeidsliv, samfunn og velferd
- By, regioner og urbanitet
Ukrainske flyktninger som bodde privat, kom raskere i gang med livet i Norge
En ny rapport fra OsloMet viser at ukrainske flyktninger som bodde hos privatpersoner før de ble bosatt, ble raskere en del av samfunnet.
- Arbeidsliv, samfunn og velferd
- By, regioner og urbanitet
1 av 4 innvandrere i Oslo opplever diskriminering i arbeidslivet
En fersk kartlegging avdekker at mange innvandrere i Oslo opplever diskriminering på jobb, skole, gaten og i helsevesenet. Det krever økt innsats for forebygging av rasisme og mot diskriminering.
Forskningsartikkel av: By- og regionforskningsinstituttet NIBR
