Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Kan screening føreseie valdsrisiko?

Kan screening føreseie valdsrisiko?

Kan eit enkelt skjema brukast til å vurdere kva ungdomar som har risiko for å utøve vald? – Dette kan bidra til å gje ungdom i akuttinstitusjonar meir tilpassa hjelp, meiner forskar.

Kvinnelig behandlar ser mot ungdom som sit med ryggen til.
Foto: Maskot

Forskningsartikkel av: Fakultet for helsevitenskap (HV)

Publisert: 12.11.2026Sist oppdatert: 12.11.2026
Tekst: Åshild Losnegard

Kort oppsummert

  • Eit nytt screeningverktøy kan hjelpe institusjonar med å vurdere kva ungdomar som har auka risiko for å utøve vald.
  • Verktøyet fungerte best i psykiatriske akuttinstitusjonar, der risikovurderingane samsvarte godt med faktiske valdshendingar.
  • Ungdomane si eiga vurdering av valdsrisiko viste seg å vere ein viktig indikator og bør takast meir med i vurderingane.

Kort oppsummert er laga ved hjelp av KI. Teksten er kvalitetssikra av OsloMet.

– Dei aller fleste ungdomar er ikkje valdelege. Men ungdom i akuttinstitusjonar er i ein veldig sårbar situasjon, og da veit vi at det også er ein høgare risiko for vald enn det som er vanleg elles i samfunnet, seier Anniken Laake, som nyleg tok doktorgrad på OsloMet.

Laake har prøvd ut eit nytt screeningverktøy for å vurdere risikoen for at ungdomar på akuttinstitusjonar vil utøve vald.

– Det er lett å tenkje at vi er gode til å vurdere risiko for vald, særleg om vi har jobba mykje med psykiatri eller ungdom før, men fakta er at vi ikkje er så veldig gode på det. Derfor treng vi støtte for å gjere gode vurderingar.

Kan hindre unødvendig inngripande tiltak

Eit viktig mål med screeninga er å førebygge og setje inn tiltak som kan forhindre valdshendingar.

– Vi veit at viss ein ungdom er valdeleg, så har det ganske store konsekvensar, både for ungdommen sjølv og for dei som blir utsette for valden, så ein vil gjerne førebygge at det skjer, seier Laake.

Samtidig er det viktig at tiltaka er tilpassa den enkelte ungdommen. Viss det er låg risiko for valdsbruk treng ikkje institusjonen å bruke tiltak som er meir inngripande enn nødvendig, for eksempel tvang.

– Vald eller aggressiv oppførsel er ofte ein av dei største årsakene til at det blir brukt tvang, og tvang er jo noko ein ser at kan ha motsett effekt på sikt.

Laake meiner også at det kan spare ungdommane for nye utgreiingar og diagnostisering som ikkje er nødvendig.

Vurderer valdsrisiko på få minutt

Verktøyet Laake prøvde ut er eit skjema med tolv punkt (sjå faktaboks), som dei tilsette skulle fylle ut når ein ny ungdom kom inn på institusjonen. Utfyllinga tok mellom fem og sju minutt.

Deretter registrerte dei eventuelle valdshendingar i løpet av tida ungdommen budde på institusjonen, for å sjå om risikovurderinga stemte.

Metoden blei prøvd ut i åtte akuttinstitusjonar for unge, halvparten innanfor psykisk helse og halvparten i barnevernet. Til saman var 517 ungdommar med i utvalet som Laake forska på.

Fungerte best på institusjonar for psykisk helse

Forskinga viste ein god samanheng mellom risikovurderinga og kven som utøvde vald i dei psykiatriske institusjonane. På barnevernsinstitusjonane var ikkje samanhengen like sterk.

Forskjellen overraska forskaren.

– Vi tenkte i utgangspunktet at det kanskje var overlapp mellom ungdomane som er i desse institusjonane, fordi det er mange, også i barnevernet, som er psykisk sjuke, eller har psykiske symptom, men vi såg nok at fleire av dei som var i barneverninstitusjonane, hadde mange risikofaktorar.

Det kunne handle om komplekse problem som traume, tidlegare valdsbruk eller åtferdsforstyrringar.

Det kunne også komme av at dei to institusjonstypane ikkje var så like som forskaren hadde sett føre seg.

Medan psykiatriske institusjonar driv med behandling, kjem ungdom på barnevernsinstitusjon anten på grunn av utfordrande åtferd eller fordi omsorgssituasjonen ikkje er god nok. Tiltaka er derfor retta inn meir mot omsorg enn helsehjelp.

Dei tilsette har også ulik bakgrunn. På institusjonar for psykisk helse har dei fleste helseutdanning, og er kanskje i større grad vane med å bruke denne typen verktøy, som er vanleg i psykiatrien, trur forskaren.

– Spør ungdom om eigne vurderingar

Eitt av punkta i skjemaet peika seg likevel ut:  

– Viss ungdomane eller deira føresette blei spurt om kva dei sjølv tenkte om risikoen for at dei ville utøve vald, så stemte svaret godt med kva som faktisk skjedde under opphaldet.

Laake seier at samanhengen var signifikant, men at institusjonane ikkje plar spørje om dette. Det har vore peika på som ein mangel i valdsrisikovurdering av ungdom, og med denne kunnskapen er det rom for å gjere betre vurderingar i framtida.

Tidlegare var det på same måte når ein vurderte risiko for sjølvmord. Behandlaren gjorde seg opp ei meining utan å spørje pasienten om kva dei sjølv tenkte.

–  Ein fann så ut av at pasienten si eiga vurdering av sjølvmordsrisiko hadde stor verdi, og det er i dag vanleg prosedyre å spørje pasienten direkte om sjølvmordsrisiko og legge det til grunn i vurderinga. Det kan vere vi ser det same med tanke på valdsrisiko, seier Laake.

Referansar 

Laake, A. L. W., Roaldset, J. O., Husum, T. L., Bjørkly, S. K., Chudiakow Gustavsen, C., Grenabo, S. T., & Lockertsen, Ø. (2025). Predictive accuracy of the Violence Risk Assessment Checklist for Youth in acute institutions: A prospective naturalistic multicenter study (cambridge.org). European psychiatry : the journal of the Association of European Psychiatrists, 68(1), e19. 

Väätäinen, L., Björkqvist, M., Li, Y., Pelto-Piri, V., Ferreira, A., & Lantta, T. (2025). Instruments for Short-Term (24 h) Violence Risk Assessment and Strategies for Managing Violence Risk Among Adolescents With Risk for Violent Behaviour: A Systematic Review (onlinelibrary.wiley.com). International Journal of Mental Health Nursing, 34(4), e70110. 

  • Portrettbilde av Rune Jonassen med trær og gult løv i bakgrunnen.
    • Helse og sosialt arbeid

    Professor: – En av de største misforståelsene om angst

    Angst blir ofte sett på som et tegn på at noe er galt. Men følelsen har en viktig funksjon, forteller professor Rune Jonassen.

  • Mor og datter i samtale på pikerommet
    • Helse og sosialt arbeid
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Tett oppfølging frå begge foreldra kan førebyggje psykiske problem i vaksen alder

    Sosiale forhold i oppveksten heng saman med psykisk helse og trivsel langt inn i vaksenlivet, viser ein unik norsk studie. Støtta og involveringa frå foreldra kan forklare noko av forskjellen i ungdomsåra.

  • Illustrasjonsbilde av en ung jente og en helsesykepleier inne på et kontor
    • Helse og sosialt arbeid
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Slik får du ungdom til å snakke om det som er vanskelig

    De fleste unge vil snakke, også om det som er sårt. Vær åpen, nysgjerrig og ikke dømmende, råder stipendiat og helsesykepleier Camilla Rørtveit.

  • Familien i filmen «Fjord»
    • Helse og sosialt arbeid

    Barnevernsforskere forsvarer filmen «Fjord»: – Forteller om noe alvorlig ved vårt samfunn og norsk barnevern

    «Fjord» har fått kritikk på grunn av måten barnevernet fremstilles på, men forskerne mener det er en viktig film.

  • EI vaksen kvinne står foran ein ungdom som sitt i ein sofa med hodet i henda.
    • Helse og sosialt arbeid
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Barnevernstilsette manglar verktøy i møte med ungdom og rus

    Fleire ungdommar i barnevernsinstitusjonar i Oslo slit med rus, men dei tilsette manglar ein tydeleg og systematisk måte å følgja dei opp på.

Forskningsartikkel av: Fakultet for helsevitenskap (HV)

Publisert: 12.11.2026Sist oppdatert: 12.11.2026
Tekst: Åshild Losnegard

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring
Portrett av Anniken Laake
– Vi veit at viss ein ungdom er valdeleg, så har det ganske store konsekvensar, både for ungdommen sjølv og for dei som blir utsette for valden, så ein vil gjerne førebygge at det skjer, seier forskar Anniken Laake. Foto: Sonja Balci / OsloMet.

Om forskinga

  • Forskarane prøvde ut eit nytt screeningverktøy for ungdom, kalla V-RISK-Y, for å vurdere risiko for valdeleg åtferd. Det er basert på liknande verktøy for/brukt på vaksne.
  • Verktøyet blei prøvd ut i 8 akuttinstitusjonar for ungdom, 4 innanfor psykisk helse og 4 barneverninstitusjonar.
  • Til saman 517 ungdomar mellom 12 og 18 år vart kartlagt med verktøyet.
  • Når ein ungdom kom til institusjonen fylte dei tilsette ut eit kartleggingsskjema med tolv punkt (sjå eigen faktaboks).
  • På bakgrunn av kartlegginga blei risikoen for vald vurdert som låg, moderat eller høg.
  • Mens ungdomane var på institusjonen registrerte dei tilsette eventuelle valdshendingar, slik at forskarane kunne samanlikne risikoen med om det faktisk oppsto valdsepisodar.

Dette er dei tolv punkta som blir kartlagt i screeninga

  • Tidlegare og / eller aktuell vald
  • Tidlegare og / eller aktuelle truslar om vald
  • Tidlegare og / eller aktuell rusbruk
  • Tidlegare og / eller aktuelle alvorlege psykiske symptom
  • Forstyrrande, impulsiv atferd / Atferdsforstyrringar
  • Manglar innsikt i sjukdom og / eller atferd
  • Mistenksamheit
  • Viser manglande innleving (empati)
  • Urealistisk planlegging
  • Framtidige stress-situasjonar
  • Tidlegare og / eller alvorleg pågåande traume
  • Ungdommen og føresette si eiga oppfatning av valdsrisiko

V-RISK-Y er utvikla av Regionalt kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri, Oslo universitetssykehus, Helse Sør-Øst. 

Kjelde: www.sifer.no