Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Norske forbrukarar skil seg ut i matbutikken

Norske forbrukarar skil seg ut i matbutikken

Vi er dårlegast i Europa på å kjøpe lokal og økologisk mat, viser ein ny studie. Korleis står det eigentleg til med innkjøpsvanane våre, og kvifor er det så viktig å produsere, selje og ete lokal mat?

par i matbutikk kjøper grønnsaker
Foto: Maskot / Scanpix

Forskningsartikkel av: Forbruksforskningsinstituttet SIFO

Publisert: 25.01.2023Sist oppdatert: 17.11.2026
Kjersti Lassen

Dei fleste av oss er vanedyr i matbutikken. Vi puttar det vi pleier i handlekorga, og er stort sett nøgd med det. Nordmenn er lite opptekne av berekraft og mangfald når vi handlar mat, og legg vekt på eit  mindre spekter av kvalitetar ved maten enn dei gjer i andre land.

Det syner ei ny undersøking frå SIFO, som deltek i eit stort europeisk prosjekt om matkultur og forbruksvanar. Undersøkinga er gjort med 15 000 respondentar frå Noreg og seks andre land. Til saman har desse landa 80 prosent av EUs innbyggjarar.

– Vi er eit lite land, eit unntaksland på mange område, seier forskar Gunnar Vittersø.

Det er nemleg gjennomgåande at Noreg skil seg ut. Vi handlar mellom anna mindre lokal og økologisk mat enn andre europearar.

– Vi er ikkje så berekraftige som vi trur 

– Vi er kanskje ikkje så berekraftige som vi likar å tru, seier Vittersø.

Kva meiner han med det, og kva for rolle speler eigentleg matvanane våre i den store samanhengen?

Noreg skårar lågast på mange praksisar som har med berekraft og økologisk mat å gjere. Saman med Storbritannia et vi til dømes sjeldnare økologisk mat enn i dei andre europeiske landa, og over halvparten av oss kjøper aldri økologisk mat. Vi kjøper heller ikkje lokal eller regional mat like ofte som andre europearar.  

– Bortsett frå å ta vare på matrestane, det er vi flinkare til enn andre europearar. Vi er nøysame folk, seier forskaren.

Vi et ofte kjøt, men ikkje mest

Vi et òg godt med fisk og grønsaker. Over halvparten av oss et fisk to til tre gongar i veka, og det er mest i Europa.

– Vi har òg eit høgt kjøtforbruk i Noreg. Men det er i frekvens og ikkje i mengde. Vi et ofte kjøt, men ikkje mest. Det kan hengje saman med matpakkekulturen vår, der vi brukar kjøt som pålegg, seier Vittersø.

– Nordmenn var dei som i størst grad hausta frå naturen – som også samsvarar godt med vår tradisjon for friluftsliv og det å bruke naturen på fritida, seier han.

Forskaren trur det kalde klimaet vårt kan forklare noko av kvifor vi kjøper mindre lokalt dyrka produkt. Deltakarane i undersøkinga blei spurd i mai månad etter ein lang vintersesong, og då kan det vere vanskeleg å førestille seg eit godt tilbod av lokale sesongvarer.  

Meir grønsaker i sør

Landa ved Middelhavet, som Italia og Spania, ser ut til å ha eit meir variert kosthald med hyppigare bruk av frukt og grønt, samt mindre kjøt, samanlikna med landa i Nord-Europa.

– Dette kan bety at dei har ein meir variert matkultur i Sør-Europa, men også naturen og klimaet gir større variasjon i tilgang på ulike typar matvekstar, seier Vittersø.

Forbrukarar i land som Italia, Spania og Frankrike var i større grad opptekne av at maten skulle vere lokalprodusert og i sesong enn vi er her lenger nord.

– Det kan hende dei hegnar meir om den lokale matkulturen enn vi gjer. Mange er opptekne av å kjøpe lokalt, og opptekne av matkvaliteten. Det kan òg vere skilnader mellom landa på korleis ein rapporterer om matforbruk i denne typen spørjeundersøkingar, understrekar forskaren.

Kva for rolle speler det kva vi et?

Globalt er matvanane i aukande grad retta mot eit vestleg kosthald, som er kjenneteikna av eit stadig høgre inntak av animalske produkt som kjøt, egg og meieriprodukt, og dessutan meir prosessert mat.

Det er nokre få sortar mat som heile verda skal ha, som kveite, ris og mais. Det har ført til usunn einsretting i kva vi et, og ei kommersialisering av matkulturen, meiner forskaren.

– Det har bidratt til fleire typar helseproblem så vel som store utfordringar knytt til klima og biomangfald, forklarar han.

Forskarane er difor opptekne av å forstå korleis eit lokalt kosthald kan sjå ut.

Eit lokalt, norsk kosthald

Eit større mangfald i matsystemet vil gi eit meir robust og berekraftig matsystem

Gunnar Vittersø

– Eit større mangfald i matsystemet vil gi eit meir robust og berekraftig matsystem, seier Vittersø.

Mangfald betyr mellom anna meir variert dyrking og produksjon, noko som vil ha stor effekt på biologisk mangfald. Ei større breidd i sortar gir meir stabil produksjon og betre ernæring. Mangfald kan òg bety ein meir variert distribusjon, der mat kan omsettast i andre kanalar enn dei vanlege daglegvarebutikkane.

Men er det ikkje fare for at eit lokalt norsk kosthald, med mindre import av spanande matvarer, blir mindre variert og meir kjedeleg? Ikkje nødvendigvis, meiner forskaren.

– Det er mogleg å produsere meir variert enn i dag. Vi har ein landbrukspolitikk som er retta inn mot spesialisering, der bøndene blir anten til dømes kornbønder eller driv med husdyr. Dette er ein ønska politikk, seier han.

Mogleg å produsere meir variert over heile landet

Han vedgår at det kan vere økonomisk rasjonelt å utnytte stordriftsfordelane ved slik drift, men at vi likevel går glipp av andre verdiar.

– Einsrettinga kan ha gått ut over lokal sjølvforsyning, noko som vi ser på som ein verdi i seg sjølv. Det vil mellom anna gjere oss betre rusta mot kriser, meiner han.

Lokalt mangfald vil òg styrke lokal matkultur og identitet.

– Vi kunne kombinert meir enn vi gjer i dag. Det er fullt mogleg å produsere meir variert over heile landet enn vi gjer i dag, seier han.

Nokre fakta frå rapporten

  • Kvinner et oftare grønsaker og frukt og sjeldnare kjøt enn menn.
  • Eldre et meir grønsaker og frukt enn yngre, og yngre et meir kjøt.
  • Mindre enn ein prosent reknar seg som veganarar, medan under tre prosent reknar seg som vegetarianarar. Flest finn vi i Storbritannia og Tyskland.
  • Polske og italienske respondentar brukte lokale marknader og direkte innkjøp frå produsenten i størst grad.
  • Yngre brukar langt fleire innkjøpskanalar enn eldre, til dømes internett.
  • Dei med høgast utdanning og best råd et mest økologisk mat. Dette viste seg særleg å gjelde i land som Storbritannia og Tyskland.
  • 60 prosent av europearane et poteter 2 til 3 gongar i veka eller meir. Flest potetar et dei i Polen.
  • Mest frukt et dei i Italia, Spania og Polen. I Noreg et 30 prosent frukt dagleg.
  • 45 prosent av respondentane et kjøt fire gongar i veka eller oftare. I Noreg var talet 58 prosent.
  • Over halvparten av dei norske deltakarane et fisk to gongar i veka eller meir, medan det europeiske gjennomsnittet er 40 prosent.

Om prosjektet

Denne rapporten kartlegg matforbruket i Europa med vekt på økologisk, berekraftig og lokal mat og er basert på ei spørjeundersøking med meir enn 15 000 respondentar i sju europeiske land: Italia, Noreg, Polen, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Spania. Til saman har desse landa 80 prosent av befolkninga i EU.

Målet med rapporten har vore å sjå nærare på likskapar og ulikskapar i etemønster, forbrukaroppfatningar og forbrukspraksisar i ulike delar av Europa og i forhold til ulike grupper av befolkninga.

Denne undersøkinga er ein del av det europeiske prosjektet FOOdIVERSE, som undersøker korleis eit mangfald i kosthald og matdistribusjon kan bidra til meir berekraftige og økologiske matsystem.

Gunnar Vittersø har forska på berekraftig forbruk på SIFO i 26 år. Han er spesielt oppteken av problemstillingar knytt til forbruk og omsetjing av lokal og økologisk mat, og i andre studiar har han vist samanhengar mellom berekraft og lokalmat.

Last ned rapporten

Gunnar Vittersø, Hanne Torjusen og Sabina Kuraj: Diversity in food culture and consumption patterns. Survey results from seven European countries (oda.oslomet.no). SIFO-rapport 6-2022

Kontakt

  • Gunnar Vittersø

    Gunnar Vittersø

    • Forsker II
    • +47 672 35 637

Relatert forskning

  • mann som vanner planter i et drivhus
    • Forbruk, klima og miljø

    Slik vil europeere styrke økologisk mat

    EU vil fjerne bruken av en rekke produkter som i dag er tillatt innenfor økologisk landbruk. Det kan komme hele landbruket til gode.

  • mathandel på Bondens marked, produsent gir papirposer med grønnsaker til to kunder
    • Forbruk, klima og miljø

    Motiverende å støtte lokal matproduksjon

    Hvor bærekraftig er lokal handel av mat, gjerne direkte fra produsent? Bærekraften er til stede på litt uventede måter, viser det seg.

  • Bysetra Losæter i Bjørvika med skyline av høyhus bak
    • Forbruk, klima og miljø
    • By, regioner og urbanitet

    Hvorfor bør Oslo øke selvforsyningsgraden?

    Krig, tørke og klimakrise gjør internasjonal matforsyning stadig mer usikker. Oslo bør tilrettelegge for mer matproduksjon lokalt, mener forskere ved OsloMet.

  • familie samlet rundt et middagsbord
    • Forbruk, klima og miljø

    Eksperimentelle kjøkkenstudier fra hele Europa

    Hvordan oppfatter europeiske forbrukere kvaliteten på maten de spiser? Bli med inn i over 40 husholdninger i syv europeiske land.

Forskningsartikkel av: Forbruksforskningsinstituttet SIFO

Publisert: 25.01.2023Sist oppdatert: 17.11.2026
Kjersti Lassen

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Det er mogleg å produsere meir variert enn i dag. Vi har ein landbrukspolitikk som er retta inn mot spesialisering, der bøndene blir anten til dømes kornbønder eller driv med husdyr. Dette er ein ønska politikk.

Gunnar Vittersø
portrett av Gunnar Vittersø, SIFO