Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Slik kan du avsløre falske nyheiter

Slik kan du avsløre falske nyheiter

Falske nyheiter kan føre med seg konfliktar, svindel og påverknad av demokratiet. Her får du vite meir om kva du kan gjere for å avsløre dei.

Kvinne mot dataskjerm med falske nyhetsbilder
Foto: Heiko Junge / NTB

Forskningsartikkel av: Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD)

Publisert: 20.10.2025Sist oppdatert: 13.11.2026
Olav-Johan Øye

Professor i datatryggleik, Lothar Fritsch, ved OsloMet deler innsikt om eit globalt fenomen som utfordrar samfunn, teknologi og folk flest.

Ifølgje Fritsch er falske nyheiter meir enn berre feilinformasjon. Dei er ofte bevisst manipulerte nyheitsmeldingar som vert brukte for å påverke opinionen, mobilisere grupper og fremje bestemte agendaer – politiske, økonomiske eller ideologiske.

– Falske nyheiter dreiar seg om å setje agendaen. Dei fungerer ved å prøve å monopolisere merksemd og fortrenge andre nyheiter. Viss ei fabrikkert historie går viralt, kan ho langt på veg blokkere viktigare og meir pålitelege bodskapar, seier Fritsch.

Han forklarar at falske nyheiter ofte spelar på kjensler og sensasjonar, noko som gjer dei meir delbare og synlege på sosiale medium. Resultatet er ei forsterkning av polarisering, mistillit og desinformasjon.

Korleis vert falske nyheiter laga?

Produksjonen av falske nyheiter har blitt avansert, og teknologien spelar ei sentral rolle. 
Det dreiar seg til dømes om trollfabrikkar, det vil seie organiserte grupper som produserer falske nyheiter, som den kjende trollfabrikken i St. Petersburg, som lagar og spreier manipulerte bodskapar i stor skala.

Kunstig intelligens, verktøy som ChatGPT, kan også brukast til å skrive og manipulere tekster i rekordfart. Fritsch åtvarar om at denne teknologien kan føre til ein «tsunami» av vinkla tekster som er vanskelege å avsløre.

Det kan også vere kommersiell svindel, der aktørar lagar falske nyheitssider for å tene pengar gjennom reklame, medan andre sel «påverknadspakkar» til politiske aktørar eller bedrifter.

– I dag kan ein faktisk kjøpe falske nyheiter som ei teneste, det finst PR-byrå som tilbyr det.

Kvifor trur folk på falske nyheiter?

Fritsch peikar på fleire faktorar som gjer at falske nyheiter verkar truverdige:

  • Deling frå vener: På sosiale medium vert innhaldet ofte delt av vener eller kjende, noko som senkar skepsisen, «det er då ei ven av meg som har delt det».
  • Profesjonell framstilling: Falske nyheiter vert ofte presenterte i ei form som liknar etablerte nyheitsmedium, som til dømes NRK eller den britiske avisa «The Guardian».
  • Speling på kjensler: Sensasjonelle og emosjonelle bodskapar grip merksemda og triggar deling før ein rekk å vurdere innhaldet kritisk.

– Eit godt påverknadsbodskap ser ekte ut. Ein kjenner ikkje igjen manipulasjonen, men tek det for realiteten, understrekar Fritsch.

Kva konsekvensar kan  falske nyheiter få?

Falske nyheiter kan få store samfunnsverknader. Fritsch nemner fleire døme:

  • Brexit, der Storbritannia gjekk ut av EU: Kampanjar på sosiale medium mobiliserte veljarar gjennom vinkla bodskapar og desinformasjon.
  • Polarisering: Som til dømes falske nyheiter som skulda det svenske barnevernet for å diskriminere innvandrarar har skapt splid mellom grupper.
  • Valpåverknad: Under presidentvalet i USA i 2016 vart det gjennomført målretta kampanjar retta mot bestemte veljargrupper med manipulerte bodskapar.

– Desse metodane medverkar til å bryte ned tillit mellom folk, institusjonar og medium, seier Fritsch. 

Korleis kan vi avsløre falske nyheiter?

Fritsch har fleire råd til folk flest for at dei skal kunne vere på vakt mot falske nyheiter:

  • Sjekk kjelda: Kjenner du til nettstaden? Er det eit redaktørstyrt medium?
  • Søk etter andre kjelder: Finn du same historia i truverdige medium?
  • Vurder innhaldet kritisk: Er historia for god til å vere sann? Spelar ho på kjensler eller sensasjon
  • Ta ein pause før du deler: Del ikkje med ein gong. Undersøk historia før du spreier ho vidare. 

Avsendarane vil gjerne at vi skal spreie dei manipulerte bodskapane deira, og få dei høgt opp i algoritmane til sosiale media.

Han tilrår òg å bruke ressursar som Medietilsynet sine sider for kjeldekritikk eller faktasjekk-tenester som Faktisk.no for å lære meir om korleis ein kan avsløre falske nyheiter.

Nødvendig med tiltak på samfunnsnivå

Fritsch meiner at kampen mot falske nyheiter ikkje berre handlar om individuell kjeldekritikk, men òg om tiltak på samfunnsnivå:

  • Elevar, lærarar og politikarar må få opplæring i korleis falske nyheiter vert laga og spreidde.
  • Innføring av redaktøransvar på nettplattformer kan medverke til å hindre spreiing av manipulerte bodskapar.
  • Betre verktøy for å avsløre falske nyheiter, som kunstig intelligens for faktasjekking, kan spele ei viktig rolle i framtida.  

– Vi må gjere samfunnet meir robust mot manipulerte bodskapar. Det krev både opplæring og regulering, avsluttar Fritsch.

Falske nyheiter utfordrar altså demokratiet og den enkelte mediebrukaren. Gjennom kunnskap, kritisk tenking og teknologisk utvikling kan vi derimot kjempe mot desinformasjon – og medverke til at sanninga vinn fram.

Kontakt

  • Lothar Fritsch

    Lothar Fritsch

    • professor
    • +47 672 38 534

Relatert forskning

  • Mor og datter ser på noe på mobilen sammen i en matbutikk.
    • Helse og sosialt arbeid

    Slik unngår du å bli lurt av falske helsepåstandar

    Fem enkle prinsipp kan gjere det lettare å tenkje kritisk om helsepåstandar.

  • Et hus i 51 Abakumova Street ødelagt av bomber.
    • Journalistikk, medier og kommunikasjon

    – Partene har tilgang til totalt forskjellige virkelighetsforståelser

    Medieforsker og professor Kristin Skare Orgeret følger mediebildet rundt krigen i Ukraina.

  • To elver ved pulter i klasserom.
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Slik kan elever lære kritisk tenkning

    Barn og unges hverdag preges av rask informasjonsflyt. Når lærere skal bruke nyheter i arbeidet med kritisk tenking er det viktig at de trekker veksler på elevenes egne erfaringer.

Flere forskningsnyheter

Forskningsartikkel av: Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD)

Publisert: 20.10.2025Sist oppdatert: 13.11.2026
Olav-Johan Øye

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring
Portrett av Lothar Fritsch
Professor Lothar Fritsch peikar på at eit godt påverknadsbodskap ser ekte ut, og kan få store samfunnsverknader. Difor er det viktig at du sjekkar kjelda før du deler. Foto: Sonja Balci / OsloMet