Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsnyheter
  4. Vi vil velje naboane sjølv

Vi vil velje naboane sjølv

Mange oslofolk vil bu i nabolag der dei fleste har same sosiale status og inntekt som dei sjølv. Særleg gjeld det høginntektsgrupper, viser ein studie utført ved OsloMet.

Personar sit i grupper i ein park
Foto: Benjamin A. Ward/OsloMet

Forskningsartikkel av: Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Publisert: 25.10.2018Sist oppdatert: 17.11.2026
Anne-Mai W. Teigmo

Forskingsresultata viser at samansetninga av nabolag kan påverke både dei med høg inntekt og dei med lågare inntekt til å flytte. Mange oslofolk føretrekkjer altså homogene nabolag.

– Folk flokkar seg saman som fuglar trass i ei offentleg målsetjing om variasjon av bebuarar i nabolag, seier professor og forskar Lena Magnusson Turner ved forskingsinstituttet NOVA på OsloMet – storbyuniversitetet om hovudfunnet i studien og framhevar at dette gjeld alle inntektsgrupper.

Vil ulike økonomiske klassar i nabolag tolerere miks eller vil dei flytte ut? Og kva skjer når familiar med låge inntekter flyttar inn i nabolag? Kva grupper i nabolaget er mest tilbøyelege til å flytte ut dersom bebuarbiletet endrar seg?

Det har vore utgangspunktet for studien som er ein del av eit forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet der forskarar frå OsloMet, Universitetet i Uppsala, UiO og Wayne State University i USA bidreg. Prosjektet tek for seg rolla på bustaden i produksjon og reproduksjon av sosial ulikskap.

Kva er drivkrafta for å flytte?

Studien er gjord i samarbeid med professor i samfunnsøkonomi Georg Galster frå Wayne State University i USA, og er ein totalstudie over alle husstandar i Oslo kommune over perioden 2010 til 2014.

Forskarane har sett på korleis folk flyttar avhengig av eigen sosial bakgrunn og den sosiale profilen i nabolaget. Dei har vore opptekne av den sosiale og økonomiske samansetninga i dei ulike nabolaga.

Folk flokkar seg saman som fuglar trass i ei offentleg målsetjing om variasjon av bebuarar i nabolag.

OsloMet-forsker og professor Lena Magnusson Turner

– Vi har ønskt å seie noko om økonomiske forskjellar mellom kvart enkelte hushaldet og nabolaget som drivkraft for å flytte, seier forskaren.

Mest inntekt – flyttar mest

Forlèt du nabolaget når den økonomiske og sosiale avstanden mellom deg og naboane dine blir for stor?

Resultat frå studien viser at dei med høgast inntekt er mest tilbøyelege til å flytte når det blir fleire naboar med lågare inntekter, medan dei med lågare inntekter ikkje flyttar så ofte.

– Kanskje seier dette noko om status ved å ha naboar med høge inntekter, seier professoren.

Middels inntekt - høgast toleranse

Forskaren fortel at flytting av ulike inntektsgrupper har størst konsekvensar for dei med låge inntekter som økonomisk ikkje har så store valmoglegheiter som dei med høgare inntekter.

– Gruppa med låge inntekter kan tenkjast å bli ufrivillig stor og dermed forpurre intensjonane i integreringspolitikken om eit mangfaldig samfunn, seier forskaren.

Det er interessant at det finst ei gruppe med høge inntekter som er med på å auke forskjellar også i samfunnet vårt.

OsloMet-forsker og professor Lena Magnusson Turner

Funna viser også at medan dei med høg status har den lågaste toleransen for innflytting av fleire låginntektsgrupper, har dei med middels inntekt den høgaste toleransen.

– Dei med middels inntekt utgjer den store massen. Derfor kan vi rekne med at vi ikkje får så stor ubalanse mellom gruppene, men dette er interessant også i norsk samanheng nettopp i forhold til det demokratiske verdigrunnlaget vårt. 

– Og det er interessant at det finst ei gruppe med høge inntekter som er med på å auke forskjellar mellom folk også i samfunnet vårt – sjølv om denne gruppa ikkje er så stor så aukar denne gruppa i heile landet, påpeikar forskaren.

Nye utfordringar i bustadpolitikken

– Politikarar og byplanleggjarar har lenge jobba for auka sosial miks i nabolag.  Sosial og økonomisk variasjon av bebuarar i nabolag har vore rekna som gunstig for betre integrering og toleranse, seier professor Lena Magnusson Turner om noko av utgangspunktet for studien.

– Samfunnet vårt byggjer på grunnleggjande sosialdemokratiske verdiar som likskap, og det er det fremste politiske argumentet for å skape nabolag med ulike sosio-økonomiske grupper. Denne politikken har ført til betre sosial blanding enn i byar der busettingsmønster eine og åleine blir styrt av marknadsmekanismar.

Men no fører veksten blant dei rikaste til at politikken fungerer dårlegare enn før.

Når gruppa med høge inntekter veks skapar det utfordringar for politikarar og byplanleggjarar.

OsloMet-forsker og professor Lena Magnusson Turner

– Det er viktig å understreke at Noreg og Oslo har ei befolkningssamansetning i nabolaga som er meir blanda enn i mange andre land. Men når gruppa med høge inntekter veks skapar det utfordringar for politikarar og byplanleggjarar for å nå måla om blanding.

– Resultata i studien vekkjer tankar om korleis det sosiale kartet blir påverka og korleis det kan ha innverknad på grunnleggjande verdiar i samfunnet. I denne samanhengen er media sterkt med på definere Vest og Auste og gi inntrykk av bra og dårleg, noko som kan vere med å påverke folk til å velje kvar dei vil bu, avsluttar OsloMet-forskaren.

Referanse

“Status discrepancy as a driver of residential mobility: Evidence from Oslo» er publisert i Environment and Planning A: Economy and Space 2017 (journals.sagepub.com)

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 19.03.2018

Kontakt

  • Lena Magnusson Turner

    Lena Magnusson Turner

    • professor
    • +47 672 35 031
  • Ung mann som lener seg mot ein graffitifylt vegg.
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Difor har ungdom vorte mindre valdelege

    Valdsbruken blant ungdom er halvert dei siste åra.

  • Illustrasjonsbilde av lege og pasient.
    • Helse og sosialt arbeid

    Fastlegen set heller nyttige enn rette diagnosar

    Medan me pasientar trur det finst ein rett diagnose, er fastlegane opptekne av å finna diagnosar som gir heldige utfall.

  • Stjernehimmel med nærbilde av en stor og lysende galakse
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Er planeter eller stjerner størst?

    OsloMet-forskere har undersøkt norske ungdomsskoleelevers kunnskap om grunnleggende astronomi.

  • Eldre kvinne med rullator sittende i en gang
    • Helse og sosialt arbeid

    Får ikke nødvendig trening på sykehjem

    De fleste sykehjemsbeboere lever et passivt liv.

  • Kvinnelig student i hvit frakk som ser inn i et mikroskop
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd

    Hva skal til for å ta en doktorgrad?

    At stipendiatene skal bli ferdige på tiden fremmes stadig oftere som et krav.

  • Ansikt av et nyfødt barn delvis dekket av dyne
    • Helse og sosialt arbeid

    Hvilken fødsel foretrekker norske kvinner?

    OsloMet-forsker Lena Henriksen har flere råd til gravide som har fødselsangst og ønsker seg keisersnitt.

Forskningsartikkel av: Velferdsforskningsinstituttet NOVA

Publisert: 25.10.2018Sist oppdatert: 17.11.2026
Anne-Mai W. Teigmo

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Fakta om studien

Lena Magnusson Turner frå OsloMet og Georg Galster frå Wayne State University i USA har undersøkt alle husstandar i Oslo kommune frå 2010 til 2014.

Talmaterialet frå Statistisk sentralbyrå med vel 350 nabolag er undersøkte årleg over denne fire-årsperioden. Forskarane var spesielt opptekne av i kva grad statusavvik i den økonomiske posisjonen i det individuelle hushaldet, i forhold til resten av nabolaget, påverkar sjansane for å flytte.

Forskarane delte hushalda inn i tre grupper ut frå disponibel inntekt etter skatt: ei låginntektsgruppe, ein middelinntekts- og ei høginntektsgruppe der dei med middelinntekt utgjer den største gruppa.

Gruppene er meinte å representerer kvart sitt sosio-økonomiske nivå. Fordelinga utgjer 30 prosent for dei med dei lågaste hushaldsinntektene, dei i midten utgjer 40 prosent og til slutt dei med dei høgaste hushaldsinntektene utgjer 30 prosent.