Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Barn med fluktbakgrunn – tiltak for inkludering og tilhøyrsel (Barnfluk)

Barn med fluktbakgrunn – tiltak for inkludering og tilhøyrsel (Barnfluk)

NOVA skal undersøke kva erfaringar barn og unge som kjem som flyktningar saman med familien, har med busettings- og integreringsprosessen, og korleis kommunane jobbar med denne gruppa.

Periode
04.05.2022 – 31.03.2024
Finansiering
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
Prosjekteier
  • Velferdsforskningsinstituttet NOVA
Prosjektleder
  • Tina Mathisen
Prosjektnummer
202846

Barn og unge utgjer ein stor del av flyktningane som kjem til Noreg, og dei fleste av desse kjem hit saman med ein eller begge foreldre.

Vi veit lite om erfaringane desse barna og unge har med busettings- og integreringsprosessen, og om korleis kommunane jobbar med dei.

I prosjektet skal vi gjennomføre intervju med barn og unge busette med familiane sine dei siste fem åra, og med kommunetilsette og andre aktørar som jobbar med busetting og integrering. Ved hjelp av ei spørjeundersøking og intervju vil vi kartlegge tiltaka frå kommunane overfor denne gruppa.

Dataa vil bli samanlikna og utgjere grunnlaget for ei samla analyse og utarbeiding av oppfordringar for det vidare arbeidet. Prosjektet tar ikkje for seg nokon bestemt nasjonalitet blant flyktningar tatt imot dei siste åra, men vil inkludere ein eigen tilleggsdel som fokuserer på barn og unge som har flykta frå Ukraina med familiane sine.

Kunnskapen frå prosjektet vil gi grunnlag for ei best mogleg tilpassing av arbeidet i kommunane til dei behova som barn og unge med fluktbakgrunn har, slik at det kan leggast til rette for at dei skal ha ein god tilhøyrsel til lokalsamfunna sine.

Prosjektdeltakere

  • Tina Mathisen

    Tina Mathisen

    • forsker
    • +47 672 37 573
  • Marie Louise Seeberg

    Marie Louise Seeberg

    • forsker I
    • +47 672 36 492
  • Alida Skiple

    Alida Skiple

    • forsker II
    • +47 672 38 602

Forskningsgrupper

  • Barndom, familie og barnevern

Aktuelt frå prosjektet

  • Rygg og bakhode av mor og datter ankommer flyplass med bagasje.
    • Arbeidsliv, samfunn og velferd
    • Oppvekst, skole og utdanning

    Mange barn og unge på flukt opplever å bli tatt godt imot i Norge

    Samtidig savner mange mer informasjon og medvirkning, ifølge en ny studie.

Publisert: 15.06.2022Sist oppdatert: 16.03.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Samarbeidspartnar

Oslo Economics (osloeconomics.no)

Publikasjonar

Mathisen, T.; Seeberg, M.L.; Fretheim, I.S.; Harsheim, I.G.; Falch, N,.S. (2024). Barn i familier med fluktbakgrunn. Sluttrapport: tiltak for inkludering, medvirkning og tilhørighet. NOVA Rapport 3/24 (sikt.oslomet.no)

Mathisen, T.; Seeberg, M.L. & Skiple, A. (2023). Barn og unge i familier med fluktbakgrunn. Erfaringer med inkludering og tilhørighet. NOVA rapport 12/23 (sikt.oslomet.no)

Barn med fluktbakgrunn – tiltak for inkludering og tilhørighet. Delrapport 1: Gjennomgang av virkemiddelapparat rettet mot flyktningfamilier med barn. Oslo: Oslo Economics, 2023