Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Berekraftig bemanning: Barrierar og moglegheiter for å styrke rolla til helsefagarbeidarane i eldreomsorga

Berekraftig bemanning: Barrierar og moglegheiter for å styrke rolla til helsefagarbeidarane i eldreomsorga

Prosjektet undersøker korleis helsefagarbeidarar, inkludert ei aukande gruppe minoritetsspråklege arbeidstakarar, opplever kvardagen i sektoren.

Periode
31.10.2026 – 30.12.2028
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for yrkesfaglærerutdanning (YLU)
Prosjektleder
  • Mia Vabø

På grunn av ein auke i antal eldre i samfunnet, og samtidig færre personar i arbeidsfør alder, kan vi få ei bemanningskrise i norsk eldreomsorg. Mens myndigheitene satsar på betre utnytting av helsefagarbeidarars kompetanse, blir denne strategien utfordra av eit stort fråfall i sektoren.

I dette prosjektet bruker vi data frå ei landsomfattande undersøking blant tilsette i eldreomsorga (NORDCARE) for å få innsikt i kva vilkår som er avgjerande for ei berekraftig bemanning. Basert på 1796 svar frå personar som jobbar med eldre undersøker vi alt frå tilsettings-, arbeids- og læringsvilkår til forhold som har å gjere med anerkjenning og meining i arbeidet.

Prosjektet undersøker også korleis dei tilsette opplever kvardagen i sektoren og korleis ei aukande gruppe minoritetsspråklege arbeidstakarar påverkar henne.

Målet med prosjektet er å:

  • analysere og publisere data frå undersøkinga
  • styrke samarbeidet med dei andre nordiske NORDCARE teama
  • samle OsloMet-forskarar med interesse for arbeidslivsrelatert omsorgstenesteforsking for å diskutere korleis data frå NORDCARE kan utnyttast i framtidige nasjonale og internasjonale forskingssøknader.

Prosjektet inngår i NORDCARE med landsdekkande surveyundersøkingar gjennomført i 2005, 2015 og 2025 i Danmark, Finland, Noreg og Sverige. Datamaterialet gir derfor ikkje berre eit representativt bilde av perspektiva til helsefagarbeidarane på eige arbeid i dag. Det kan også synleggjere utviklingstrekk over tid og gi innsikt i likskapar og forskjellar mellom land som ofte blir betrakta som samanliknbare.

Prosjektet er finansiert gjennom OsloMets forskingssatsing Framtidas helse- og omsorgstjenester. 

Prosjektdeltakere

  • Ida Drange

    Ida Drange

    • Førsteamanuensis
    • +47 672 36 209
  • Thea Bertnes Strømme

    Thea Bertnes Strømme

    • forsker I
    • +47 672 35 102
  • Mia Vabø

    Mia Vabø

    • professor
    • +47 672 38 746

Tilknyttede deltakere

  • Marianne Dæhlen

    Marianne Dæhlen

    • Professor
    • +47 672 35 752
  • Siw Helen Martinsen Watz

    Siw Helen Martinsen Watz

    • førsteamanuensis
    • +47 672 35 187
Publisert: 15.10.2026Sist oppdatert: 19.11.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Samarbeidspartnarar

  • Professor Tine Rostgaard, Roskilde University, Denmark 
  • Professor Teppo Kröger, University of Yväskylä, Finland 
  • Professor emeritus Marta Szebehely, Stockholms University, Sweden
  • Dr. Rebecka Strandell, Stockholms University, Sweden