Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Bustadutgreiing Billingstadsletta sør

Bustadutgreiing Billingstadsletta sør

Korleis kan me byggje bustader fleire har råd til i dyre område? Bustadutgreiinga skal belyse korleis dei nye bustadene til området kan skape nabolag som svarer på dei sosiale og bustadpolitiske utfordringane Asker står ovanfor.

Periode
01.10.2024 – 31.01.2025
Finansiering
Billingstadsletta sør
Prosjekteier
  • By- og regionforskningsinstituttet NIBR
Prosjektleder
  • Mari Mamre
Prosjektnummer
203743

Bustadutgreiinga skal adressere Askers spesielle utfordringar knytt til eksisterande bustadstruktur og befolkningssamansetning, og dessutan dei målsettingane kommunen har sett når det gjeld sosiale buformer og inkludering av ulike befolkningsgrupper. 

Det er forventa at det å bu saman med andre kan vere ein god strategi for å motverke einsemd og auke aktivitet blant eldre (Meld. St. 24 2022–2023). Nye og berekraftige buformer som stimulerer til sjølvstende, sosiale møteplassar, livskvalitet og deltaking, og som legg til rette for eventuelle tenester, er eit viktig verkemiddel. 

Innanfor segmentet rimelege bustader er modellar som leie-til-eie og deleige aktuelle, og dessutan konsept med delvis individuelle og felles løysingar. 

Utgjevingar:

NIBR-notat 2025:104 - Boligutredning Billingstadsletta Asker (nva.sikt.no)

Prosjektdeltakere

  • Gro Sandkjær Hanssen

    Gro Sandkjær Hanssen

    • forsker I
    • +47 672 35 688
  • Mari Mamre

    Mari Mamre

    • forsker II
    • +47 672 36 258
  • Berit Irene Nordahl

    Berit Irene Nordahl

    • forsker emeritus
    • +47 672 37 850
Publisert: 08.11.2024Sist oppdatert: 27.06.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Meir om prosjektet

Prosjektet vil vurdere bustadsamansetninga i området Billingstadsletta i dag og bustadprisane sett opp mot inntektsgrunnlaget i området og annan informasjon om hushaldssamansetning (alder, utdanning). 

Prisen på bustadene vil samanliknast med ein kjøpekraft-indeks fora utvalde grupper i den lokale arbeidsmarknaden (som ein IKEA-tilsett). Utgreiinga vil vidare ta for seg ulike bustadmodellar og buformer som i) rimelege bustader og verkemiddel, (ii) alternative buformer, og (iii) tilpassa bustader