Å førebu seg på det uventa (PREP)
Prosjektet undersøker kva emosjonar har å seie i avgjerder lærarar, lærarstudentar og skoleleiarar tar i uventa situasjonar i skolekvardagen.
Gjennom ein ny metode for kroppsleg kognitiv bevisstheit skal prosjektet utvikle verktøy for å forstå og handtere emosjonelle erfaringar. Dette kan bidra til å redusere emosjonelt stress blant lærarar og skoleleiarar, og til at fleire nyutdanna lærarar blir verande i yrket.
Ved å undersøke desse emosjonelle erfaringane søker prosjektet å kaste lys over og vidareutvikle lærarar, lærarstudentar og skoleleiarar sin praktiske kunnskap. Prosjektet skal også styrke den pedagogiske beredskapen for uventa situasjonar gjennom utvikling av teoretiske omgrep, didaktiske metodar, rettleiingsprinsipp og forskingsmetodikk.
Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt som vert leia av Universitetet i Søraust-Noreg. Det har finansiering frå Noregs forskingsråd sitt program Velferd og utdanning.
Prosjektdeltakarar
Eksterne deltakere
- Trine Ørbæk, Universitetet i Sørøst-Norge
- Glenn-Egil Torgersen, Universitetet i Sørøst-Norge
- Eva Bjerkholt, Universitetet i Sørøst-Norge
- Hilde Margrethe Hegna, Universitetet i Sørøst-Norge
- Søren Frimann, Aalborgs Universitet


