Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Å fremme endring innanfrå

Å fremme endring innanfrå

Prosjektet undersøker korleis core reflection og danning kan styrke profesjonell utvikling i kroppsøvingslærarutdanninga.

Periode
27.09.2023 – 31.12.2027
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning (GFU)
Prosjektleder
  • Marc Esser-Noethlichs

I prosjektet legg vi til rette for refleksjon om personlege erfaringar, teori og praksis rundt verdiar, handlingsmønster og kva for nokre normative rammer utdanninga legg.

På denne måten kan prosjektet hjelpe studentane i kroppsøvingslærarutdanning (PETE) å handtere gapet mellom teori og praksis og støtte utviklinga av ein meir reflektert, ansvarleg og samfunnsbevisst og samfunnskritisk profesjonell identitet.

Prosjektdeltakere

  • Marc Esser-Noethlichs

    Marc Esser-Noethlichs

    • professor
    • +47 672 37 079
  • Siv Lund

    Siv Lund

    • Førstelektor
    • +47 672 37 303

Eksterne deltakere

  • Lars Bjørke, Universitetet i Innlandet
Publisert: 20.01.2026Sist oppdatert: 20.11.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Meir om prosjektet

Refleksjon er sentralt i lærarutdanning, men forsking i kroppsøvingslærarutdanning (PETE) viser at studentars refleksjonar ofte held fram på eit teknisk nivå, med fokus på metodar og umiddelbare undervisningsutfall (Standal et al., 2014).

Refleksjonsformene berører ofte ikkje undervisningas sosiale, etiske og politiske dimensjonar. Samtidig peikar internasjonal forsking på eit gap mellom teori og praksis. Studentane strevar med å skape meiningsfulle samanhengar mellom akademisk kunnskap og praksiserfaring.

Målet med prosjektet er å styrke profesjonell utvikling i PETE innanfor eksisterande rammer, og å utvikle refleksjonspraksisar som går utover det tekniske nivået.

Prosjektet rettar seg mot ei grunnleggande utfordring i lærarutdanningane: korleis kan refleksjonsarbeid formast ut på ein sånn måte at det ikkje blir avgrensa til tekniske vurderingar, men også inkluderer kritisk og verdiorientert bearbeiding av praksiserfaringar?

Ved å vidareutvikle core reflection (Korthagen & Nuijten 2022) i eit danningsperspektiv (Klafki 2007), får lærarstudentane reiskapar til å utforske samanhengen mellom eigne erfaringar, faglege ideal og profesjonelle val. Slik blir utviklinga støtta av ein meir reflektert, ansvarleg og samfunnsbevisst og samfunnskritisk profesjonell identitet.

Metode

Prosjektet er ein intervensjonsstudie med longitudinelt perspektiv. Det kombinerer kvalitative studiar av studentars erfaringar med ei teoretisk-analytisk utvikling av rammeverk, og dessutan eit spørjeskjema for å følgje utvikling av danning/Bildung over tid.