Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Funksjonell skriveopplæring, leik og mottakarbevisstheit på 1. trinn

Funksjonell skriveopplæring, leik og mottakarbevisstheit på 1. trinn

Ph.d.-prosjektet undersøker korleis førsteklassingar utviklar mottakarbevisstheit når lærarane legg til rette for ei leikprega skriveopplæring.

Periode
01.09.2025 – 31.08.2028
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning (GFU)
Prosjektleder
  • Hanna Myklebust Våland

Hovudmålet med prosjektet er å bidra til empirisk kunnskap om korleis førsteklassingar skriv for eit reelt publikum, korleis dei utviklar ei bevisstheit for eit publikum, og korleis lærarar kan støtte elevane sine i denne utviklinga gjennom eit leikprega og mottakarorientert undervisning.

Norsk og internasjonal forsking viser at skolestartarar får svært ulike skrivemoglegheiter når dei begynner på skolen. Sluttrapporten for evalueringa av seksårsreforma (Bjørnstad et al., 2024) skisserer ein “skriveopplæring i motbakke” og finn at det er lite skriving haustsemesteret i førsteklasse. 

Samtidig indikerer funn at lærarar som let elevane skape eigne tekster i klasserommet får auka skrivekompetanse, også når det gjeld tekniske ferdigheiter (Bingham et al., 2017). 

Metode

Prosjektet er praksisnært og blir gjennomført i samarbeid med lærarar på 1. trinn. Det er fokus på plassen til den funksjonelle skrivinga i leiken og leikens plass i den funksjonelle skrivinga.
Eksempel på tekster kan vere brev, invitasjon, forskingsrapport, søknad o.l. Det blir lagt til rette for ulike rammeleikar som butikk-, sjukehus- eller restaurantleik. 

Lærarane gjennomfører undervisninga, mens forskarane er deltakande observatørar og samlar inn tekstene til elevane, tar bilde og filmar med GoPro-kamera. Gjennom intervju med lærarane deler dei erfaringane sine med skriveundervisning og korleis dei opplever den funksjonelle og leikande skriveopplæringa.

Hanna Hanna Myklebust Våland sine publikasjonar (nva.sikt.no).

Rettleiarar

Randi Solheim, NTNU

Prosjektdeltakere

  • Kristin Torjesen Marti

    Kristin Torjesen Marti

    • Førsteamanuensis
    • +47 672 37 004
  • Hanna Myklebust Våland

    • stipendiat
    • +47 672 36 554

Stipendiat

Publisert: 13.02.2026Sist oppdatert: 28.08.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring
Kristin Torjesen Marti

Kristin Torjesen Marti

  • Førsteamanuensis
  • +47 672 37 004

Hanna Myklebust Våland

  • stipendiat
  • +47 672 36 554