Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Inkluderande undervisning i høgare utdanning

Inkluderande undervisning i høgare utdanning

Korleis kan undervisning leggjast til rette både for auka tilgang til, og gjennomføring av, høgare utdanning for studentar med funksjonsnedsetjingar?

Periode
01.01.2019 – 31.12.2022
Finansiering
Stiftelsen Sophies Minde
Prosjekteier
  • Fakultet for helsevitenskap (HV)
  • Institutt for rehabiliteringsvitenskap og helseteknologi (RHT)
Prosjektnummer
1213

Allereie i søkjeprosessen til høgare utdanning er studentar med funksjonsnedsetjingar ofte fråverande. Av dei som byrjar på eit studium er det mange som fell frå undervegs.

Eit mål i denne studien er å forma forslag til korleis undervisning kan leggjast til rette både for auka tilgang til, og gjennomføring av høgare utdanning for studentar med funksjonsnedsetjingar.

Metoden er kvalitative intervjuar med nøkkelinformantar og fagtilsette i høgare utdanning om erfaringane deira med å undervisa studentar med funksjonsnedsetjingar.

Spørsmål som blir undersøkt i denne kvalitative studien:

  • Korleis erfarer fagtilsette i den norske universitets- og høgskulesektoren å undervisa studentar med funksjonsnedsetjingar? 
  • Korleis går dei fram for å møta tilretteleggingsbehovet i denne studentgruppa i undervisninga?
  • Kva treng fagtilsette for å gjera undervisning tilgjengeleg for eit større studentmangfald?
Publisert: 21.06.2021Sist oppdatert: 09.04.2024

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring