IPIC-studien
Effekten av eit tverrprofesjonelt læringsprogram på brukarmedverknad blant eldre personar i korttidsrehabilitering: Ein kvasi-eksperimentell studie.
Gjennom IPIC-studien er intensjonen å utvikla og gjennomføra ein læringsintervensjon for helsepersonell i korttidsrehabilitering i helsehus basert på tverrfagleg simuleringsmetodikk.
Læringsintervensjonen skal ta utgangspunkt i den tverrfaglege oppstartssamtalen når pasientar kjem til helsehus som ei kontekstualisering av spørsmålet "Kva er viktig for deg?".
Vidare vil me vurdera effekten av læringsintervensjonen på brukarmedverknad, fysisk funksjon, personsentrert omsorg og pårørandebelastning.
Brukarmedverknad er assosiert med betre utfall av rehabiliteringa, auka pasienttilfredsheit, styrkt autonomi og livskvalitet, som endeleg kan føra til at eldre personar bur lengre heime.
Dette betyr lågare kostnader for samfunnet samla sett.
Prosjektdeltakere
Eksterne deltakere
- Torunn Wibe, Sykehjemsetaten, Senter for fagutvikling og forskning
- Gro Idland, Oslo kommune
- Solveig Rostøl Bakken, brukarrepresentant
- Unn Mari Gullien, pårøranderepresentant
- Elin Berven, Lilleborg helsehus
- Ann Cathrine Eldh, Linköpings universitet
- Elizabeth Teale, Bradford Institute for Health Research, England


