Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Husbanken 75 år – jubileumsbok

Husbanken 75 år – jubileumsbok

I dette prosjektet blir Husbanken og den nyare historia til bustadpolitikken (1996–2021) analysert på bakgrunn av eit stort og variert kjeldemateriale.

Periode
01.07.2020 – 31.10.2021
Finansiering
Husbanken
Prosjekteier
  • Velferdsforskningsinstituttet NOVA
Prosjektleder
  • Jardar Sørvoll
Prosjektnummer
202077

Boka er meint som eit bidrag til den akademiske forskingslitteraturen om norsk bustadpolitikk spesielt og den norske velferdsstaten generelt. Husbanken og bustadpolitikken blir ofte utelaten i faglitteraturen om velferdsstaten.

Det er vanskeleg å få plass til alle relevante tema innanfor to permar, men det kan like fullt argumenterast for at forbigåelsen av bustadsektoren er ein blindflekk i litteraturen om den nyare historia i den norske velferdsstaten. Ikkje minst gjeld dette fordi bustadpolitikken er eit saksfelt som har gått gjennom djuptgripande endringar frå slutten av 1970-talet.

I motsetning til mange andre deler av velferdsstaten – som blir kjenneteikna av historisk kontinuitet eller ekspansjon – er det snakk om nedskjering, omforming og deregulering i bustadsektoren. Dermed vil boka utfordre og utdjupe biletet som blir teikna av den norske velferdsstaten i annan faglitteratur.

Prosjektet blir rapportert i form av ein illustrert faghistorisk bok i 2021.

Sentrale tema

  • dei lange linjene i historia til bustadpolitikken frå ca. 1920 til 2020
  • den gradvise bustadsosiale vendinga i boligpolitikken 1978–2003
  • utviklinga til husbanken frå bustadbank til velferdsetat og kompetansebank i den bustadsosiale politikken retta mot vanskelegstilte på bustadmarknaden
  • dei bustadsosiale verkemidla til husbanken (startlån, bustøtte, bustadtilskot osb.) og betydninga deira for mottakarane   
  • digitaliseringa av Husbankens verkemiddel og tenester på 1990- og 2000-talet
  • arbeidet til husbanken med områdesatsingar og verksemd knytt til det aldrande samfunnet (omsorgsbustader, sjukeheimar etc.)

Prosjektdeltakere

  • Per Bonde Hansen

    Per Bonde Hansen

    • Forsker II
    • +47 672 36 781
  • Jardar Sørvoll

    Jardar Sørvoll

    • forsker I
    • +47 672 36 786

Forskningsgrupper

  • Aldersforskning og boligstudier
Publisert: 13.01.2021Sist oppdatert: 11.09.2023

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Publikasjonar

J. Sørvoll (2021). Husbanken og boligpolitikken 1996-2021. En jubileumsbok. Cappelen Damm Akademisk