Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Kartlegging og analyse av bu- og nærmiljø i Mysen

Kartlegging og analyse av bu- og nærmiljø i Mysen

Formålet med prosjektet er å gjennomføra ei kartlegging og analyse av Mysen, som kan nyttast som kunnskapsgrunnlag for utforming av strategiske tiltak i samband med eit områdeløft.

Periode
01.12.2024 – 30.09.2025
Finansiering
Indre Østfold kommune
Prosjekteier
  • By- og regionforskningsinstituttet NIBR
Prosjektleder
  • Celine Motzfeldt Loades
Prosjektnummer
203794

Grunna aukande levekårsutfordringar i Mysen vart det i april 2024 inngått ein intensjonsavtale om ei områdesatsing i Mysen, mellom staten og Indre Østfold kommune. Områdesatsinga vil vara i fem år frå 2024 og skal ha fokus på følgjande innsatsområde:

  • utdanning og oppvekst
  • sysselsetjing
  • bu- og nærmiljø

Analysen vil danna eit kunnskapsgrunnlag for utforming av strategiske tiltak som kan bidra til å styrkja bebuaranes bu-, nærmiljø- og levekår gjennom varig forbetringar av tenester og nærmiljøkvalitetar. 

Analysen vil vidare utgjera eit utgangspunkt for å kunna vurdera og evaluera måloppnåingar i områdesatsinga, og dessutan utgjera eit relevant kunnskapsgrunnlag til det breiare arbeidet i kommunen innan mellom anna levekår, tenesteutvikling, ressursmobilisering og planarbeid. 

Endeleg rapport: NIBR-rapport 2025:9 (nva.sikt.no)

Prosjektdeltakere

  • Anders Eika

    Anders Eika

    • forsker II
    • +47 672 38 348
  • Sveinung Legard

    Sveinung Legard

    • forsker II
    • +47 672 35 313
  • Celine Motzfeldt Loades

    Celine Motzfeldt Loades

    • forsker II
    • +47 672 38 561
Publisert: 26.11.2024Sist oppdatert: 24.02.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Meir om prosjektet

Analysen blir gjennomført i tråd med kriteriesettet for sosial berekraft (utvikla av FutureBuilt, 2021), men er tilpassa det teoretiske og metodiske rammeverket til sosiokulturelle stadsanalysar. 

Dette inneber hovudfokus på sosiale og kulturelle strukturar i Mysen-samfunnet, der sosiokulturelle og fysiske forhold i nærmiljøet blir sett i samanheng med demografiske forhold og utviklingstrekka som Mysen står overfor. 

Gjennom kartlegging og analyse av stadsbilete, stadsinteresser og stadsbruk, ulike aktørar/gruppers roller, oppfatningar og erfaringar av staden, konfliktar og interessemotsetningar i stadsbruk og stadsbilete, vil analysen bidra til å identifisera ønska og behova, kvalitetane og områda til lokalbefolkninga for målretta tiltak i nærmiljøet. 

I tillegg vil  kartlegging og analyse av bustadsamansetninga, bustadsituasjonen og bustadbehovet i området bidra til å innretta tilpassa bustadpolitiske verkemiddel og leggja til rette for sosial berekraft og inkludering i samfunnsutviklinga.