Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Ein god start i Nes kommune: Korleis tidleg innsats på ernæring bygger framtidas folkehelse

Ein god start i Nes kommune: Korleis tidleg innsats på ernæring bygger framtidas folkehelse

Prosjektet skal kartlegge kosthald, eteutvikling og matvanar hos barn, og dessutan erfaringar med deltaking på informasjonsgruppe på helsestasjonen i Nes kommune.

Periode
01.09.2024 – 31.12.2030
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for helsevitenskap (HV)
  • Institutt for sykepleie og helsefremmende arbeid (SHA)
Prosjektleder
  • Sigrun Henjum

Målgruppa for denne studien er foreldre til barn i alderen 6–24 månader som bur i Nes kommune.

Studien nyttar seg av både kvantitative og kvalitative metodar. Eit spørjeskjema med spørsmål om kosthald og ernæring basert på Spedkost, og dessutan spørsmål knytte til eteåtferd er utvikla og pilottesta.

I tillegg vil 15 foreldre delta i djupneintervju for å forstå meir om korleis foreldre vurderer nytta av informasjonen dei fekk i gruppa på helsestasjonen, og dessutan dei viktigaste utfordringane dei opplever med å halde oppe sunne matvanar for barna sine og for heile familien.

I det første leveåret til barnet blir grunnlaget danna for matglede, matlyst og framtidige matvanar. Folkehelseprofilen for Nes kommune viser at ei rekke helseindikatorar er dårlegare enn landsgjennomsnittet. Tidleg innsats på ernæring bygger framtidas folkehelse. 

I Nes har ein høg del av befolkninga overvekt og fedme og eit kosthald med eit lågt inntak av frukt og grønt. Helsestasjonen i Nes kommune tilbyr foreldrerettleiing i grupper med gjennomgang av tema som barns eteutvikling, kosthald og matvanar. Tilbodet er eit samarbeid mellom Helsestasjonstjenesten, Ergo- og fysioterapitenesta og Frisklivs- og meistringssenteret i Nes kommune. 

Fem masterstudentar frå helsesjukepleieutdanninga ved OsloMet deltar i prosjektet.

Prosjektet får støtte frå OsloMet si satsing på forskingssamarbeid med universitetskommunar.

Prosjektdeltakere

  • Turid Kristin Bigum Sundar

    Turid Kristin Bigum Sundar

    • førsteamanuensis
    • +47 672 38 871
  • Kristin Fjæra

    Kristin Fjæra

    • førsteamanuensis
    • +47 672 38 741
  • Sigrun Henjum

    Sigrun Henjum

    • Prodekan for forskning
    • +47 672 36 513
  • Marianne Sandsmark Morseth

    Marianne Sandsmark Morseth

    • førsteamanuensis
    • +47 672 36 327
  • Laura Terragni

    Laura Terragni

    • professor
    • +47 672 36 522

Eksterne deltakere

  • Gry Granli
Publisert: 24.04.2026Sist oppdatert: 24.04.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring