Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Opne møteplassar for småbarnsfamiliar med innvandrarbakgrunn

Opne møteplassar for småbarnsfamiliar med innvandrarbakgrunn

Prosjektet utforskar to familiesenter med lågterskeltilbod for småbarnsfamiliar i bydel Bjerke i Oslo og korleis tilboda fremmar sosial støtte for familiar med små barn.

Periode
01.01.2025 – 30.11.2025
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for helsevitenskap (HV)
  • Institutt for rehabiliteringsvitenskap og helseteknologi (RHT)
Prosjektleder
  • Kirsti Riiser
Prosjektnummer
12108

Bydelen har meldt eit behov for meir kunnskap om korleis dei ulike lågterskeltilboda for småbarnsfamiliar samarbeider og utfyller kvarandre.

Vi utforskar eit kommunalt familiesenter og eit frivillig familiesenter drive av Røde Kors. Vi ser nærmare på korleis lågterskeltilboda kvar for seg og saman fremmar sosial støtte for familiar med små barn og om det er potensiale for å utvikle samarbeidet og samanhengen mellom tilboda.

God sosial støtte inneber å ha nære relasjonar, nokon som bryr seg og nokon å spørje om hjelp. Familiar med kort butid i Noreg og som er lite integrerte, er særleg utsette når det gjeld grad av sosial støtte.

Prosjektet blir gjennomført som ein kasusstudie der vi bruker ulike kvalitative metodar for å samle inn data. Prosjektet vil gi oss djupnekunnskap om konkrete praksisar og potensiale for ei heilskapleg tilnærming for å fremme sosial støtte for småbarnsfamiliar.

Denne kunnskapen vil

  • svare på behovet til bydelen for meir kunnskap om lågterskeltilbod for småbarnsfamiliar
  • inngå som kunnskapsgrunnlag i ein større prosjektsøknad

Prosjektet er finansiert av såkornmidlar frå OsloMet si satsing på barn og unge.

Prosjektdeltakere

  • Sølvi Helseth

    Sølvi Helseth

    • Professor
  • Runa Kalleson

    Runa Kalleson

    • Førsteamanuensis
    • +47 672 36 349
  • Anna Kloster-Jensen Macintyre

    Anna Kloster-Jensen Macintyre

    • stipendiat
    • +47 672 36 218
  • Kirsti Riiser

    Kirsti Riiser

    • professor
    • +47 672 36 173
  • Anna Sara Hexeberg Romøren

    Anna Sara Hexeberg Romøren

    • førsteamanuensis
    • +47 672 37 605

Eksterne deltakere

  • Ingunn Skjesol, Nord universitet
  • Silje Rivelsrud, bydel Bjerke, Oslo kommune
  • Stine Johannesen, bydel Bjerke, Oslo kommune
  • Aina Holm, Oslo Røde Kors
Publisert: 24.04.2025Sist oppdatert: 24.04.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Meir om prosjektet

Ein god barndom er grunnleggande for livet som voksen, og tidleg innsats står heilt sentralt i arbeidet med å motverke seinare utanforskap. Tidleg innsats handlar om å skape gode samspelarenaer som er støttande, inkluderande og stimulerande for foreldre og barn.

Førebyggande tiltak er likevel ikkje berre viktig for framtidig deltaking, det er også viktig for at barn skal ha det godt her og no. Å tilby støtte til familiar med små barn påverkar trivselen til barnet og styrker evna foreldra har til å fremme utviklinga til barnet.

Helsestasjonen og open barnehage er samarbeidspartnarar i førebyggande helse- og familievern i kommunen. Tilboda er ofte samlokaliserte i familiesenter. I nokre kommunar finst det også frivillige aktørar som skal supplere offentlege tenester ved å tilby sosiale møteplassar og aktivitetar for familiar.

Samarbeidspartnarar

Prosjektet er eit samarbeid mellom forskarar på Fakultetet for helsevitskap og Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar på OsloMet, Oslo kommune ved bydel Bjerke og Oslo Røde Kors.