Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Oppfatningar om klimaendringar i det akademiske miljøet: ei komparativ studie mellom Noreg og Brasil

Oppfatningar om klimaendringar i det akademiske miljøet: ei komparativ studie mellom Noreg og Brasil

Prosjektet har som mål å forstå korleis klimaendringar blir oppfatta og erfarte i nokre akademiske miljø i Norge og Brasil.

Periode
01.03.2025 – 28.02.2027
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet, Brasils nasjonale forskningsråd
Prosjekteier
  • Fakultet for samfunnsvitenskap (SAM)
  • Institutt for sosialfag (SF)
Prosjektleder
  • Karine Porpino Viana

Høgare utdanning spelar ei viktig rolle i korleis klimaendringar verkar inn på menneske sine fysiske, sosiale og psykologiske liv, sidan sektoren utdannar dei som vil vere nødvendige for å utføre arbeidet med reduksjon av utslepp og tilpassing i løpet av dei neste 30–50 åra. 

Resultata frå dette prosjektet kan bidra til å auke medvitet blant studentar og tilsette om kvifor og korleis klimaendringar bør inngå i pensum i samfunnsvitskaplege studium, og til å styrkje kompetansen til studentar og tilsette i å integrere kunnskap om klimapsykologi og psykisk helse frå eit tverrfagleg og globalt perspektiv.

Prosjektet har som mål å forstå korleis klimaendringar blir oppfatta og erfarte i det akademiske miljøet ved OsloMet og Universitetet i Oslo og i akademiske miljø i ulike brasilianske biomar (Amazonas, Atlanterhavsskogen og Caatinga). 

Studentar, fagtilsette og administrativt tilsette vil bli inviterte til å svare på nettbaserte spørjeskjema og delta i kvalitative intervju. Desse dataa vil bli brukte i ei tverrfagleg (psykologi, barnevern og sosialt arbeid) og kultur- og geografisk (det globale nord og sør) komparativ analyse.

Prosjektet er godkjent av SIKT (Norsk senter for data- og delingstenester i utdanning og forsking).

Prosjektdeltakere

  • Karine Porpino Viana

    • førsteamanuensis
    • +47 672 35 105

Eksterne deltakere

Studentassistent

Eksterne deltakarar

  • Professor Thomas Schubert, Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo
  • Professor Renata dos Santos Aléssio, Institutt for psykologi, Det føderale universitetet i Pernambuco, Brazil
Publisert: 15.06.2026Sist oppdatert: 19.11.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Vil du delta i forskingsprosjektet?

Studentar, vitskapleg tilsette eller administrativt tilsette ved Institutt for sosialfag (OsloMet) og ved Psykologisk institutt (UiO) er inviterte til å delta i studien.

Meir informasjon og sjølve spørjeskjemaet finn du her (nettskjema.no).