Studie ein og to
Dette doktorgradsprosjektet inkluderer tre studiar med ulike design.
Den første studien er ein metasyntese med systematiske litteratursøk i seks ulike databasar, og predefinerte kriterium for inklusjon og eksklusjon av primærstudiar.
Tematisk syntese for syntetisering og analyse av primærdata frå dei kvalitative studiane blei nytta.
I den andre kvalitative studien blei deltakarar med prediabetes inkluderte for å vurdere og forbetre brukarvennlegheita av appen.
Think Aloud (TA)-metoden blei nytta, og deltakarane verbaliserte sine tankar, vurderingar og reaksjonar mens dei utføre oppgåver og interagerte med brukargrensesnittet i Plunde.
Utdjupande semi-strukturerte intervju blei utførte i etterkant av testinga og prinsipp frå tematisk analyse blei nytta for analyse av intervjudata.
Studie tre
Den tredje studien var ein tre-arma randomisert kontrollert gjennomførlegheitsstudie med ei intervensjonsvarigheit på tolv veker.
Vi evaluerte gjennomførlegheita av å bruke Plunde til å fremme og følgje opp livsstilsendring hos personar med prediabetes i primærhelsetenesta.
Deltakarane blei randomiserte til tre grupper:
- oppfølging gjennom app
- oppfølging gjennom app pluss tilvising til frisklivssentral
- berre tilvising til frisklivssentral (ordinær oppfølging)
Hovudutfallsmål i studien var gjennomførlegheit av Plunde, vurdert med dei førehandsdefinerte kriteria:
- brukartilfredsheit
- etterleving av appen
- motivasjon for bruk av appen
Sekundære utfallsmål var tidsbruk blant helsepersonell knytte til oppfølging av deltakarar, rekrutteringsfart og potensielle primære utfallsmål for ein fullskala randomisert kontrollert studie.
Dette inkluderte endring i kroppsvekt, midjemål og sjølvevaluert helse.