Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Oppfølging av Nattergalen

Oppfølging av Nattergalen

Nattergalen er eit mentorprosjekt som tilbyr barn ein profesjonell rollemodell, ein mentor, i 8 månader. NOVA har tidlegare evaluert prosjektet, og følgjer no opp med ei ny evaluering på oppdrag frå Bufdir.

Periode
01.12.2016 – 31.01.2018
Finansiering
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Prosjekteier
  • Velferdsforskningsinstituttet NOVA
Prosjektleder
  • Tonje Gundersen
Prosjektnummer
916111

Mentorprosjektet "Nattergalen" blir gjennomført ved åtte av høgskolane i landet. Mentorane er studentar ved barnevern- og sosialarbeidarutdanningane, mentorbarna er innvandrarbarn mellom 8 og 12 år. Dei er elevar ved utvalde skolar der høgskolane ligg.

Hovudkonklusjonen frå den første evalueringa (sjå publikasjonar under) var at både barn og mentorar hadde positivt utbytte av å delta i Nattergalen.

Bufdir ønsker no ei oppfølgjande evaluering. Formålet er å undersøke om dei positive resultata ein fann sist, har vart ved, om ordninga framleis er relevant, og dessutan å undersøke om den har utvida eller kan utvide sitt relevansområde.

Dei overordna spørsmåla i evalueringa er:

  • Blir Nattergalen gjennomført i tråd med intensjonen i form av å vareta det som blei rekna som suksessfaktorane for mentorprogrammet?
  • Har resultata og forslaga frå evalueringa i 2011 blitt implementerte, og har det bidratt til endringar av ordninga?
  • Har endringane medført at Nattergalen fungerer endå betre eller bidratt til annan type utvikling?
  • Kva for nokre nye utfordringar står ein eventuelt overfor?

Prosjektdeltakere

  • Tonje Gundersen

    Tonje Gundersen

    • Forsker I
    • +47 672 36 359
  • Jorunn Theresia Jessen

    Jorunn Theresia Jessen

    • forsker II

Forskningsgrupper

  • Barndom, familie og barnevern
Publisert: 04.02.2021Sist oppdatert: 30.05.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring

Publikasjonar

  • Jessen, J.T.; Gundersen, T. & Hynek, C.A. ( 2018). Evaluering av Nattergalen. En oppfølgingsstudie. NOVA Rapport 2/18 (oda.oslomet.no)
  • Backe-Hansen, E.; Seeberg, M-L. & Solberg, A. (2011). Gjensidig trivsel, glede og læring. Evaluering av mentorordningen "Nattergalen". NOVA Rapport 26/11 (oda.oslomet.no)