Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Profesjonelt skjønn som rektor: Meiningsskaping og emosjonelt arbeid i komplekse situasjonar

Profesjonelt skjønn som rektor: Meiningsskaping og emosjonelt arbeid i komplekse situasjonar

Phd-prosjekt som spør: Korleis fortolkar rektorar komplekse, tvetydige situasjonar og skapar meining når ulike omsyn kjem i konflikt med kvarandre?

Periode
01.09.2026 – 31.12.2028
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning (GFU)
Prosjektleder
  • Norhild Joleik

Rektorar har eit stort, og stadig større, ansvar og handterer stadig meir krevjande og komplekse utfordringar. Dei skal ivareta ei rekke ulike omsyn og står stadig i krysspress, ofte mellom administrative, fagleg-pedagogiske og relasjonelle omsyn. Slike spenningar fører med seg etiske spørsmål, men også emosjonelt arbeid med å handtere eigne og andre sine følelsar. Samtidig veit vi lite om korleis rektorar oppfattar og vurderer slike utfordringar i skulekvardagen.

Målet med prosjektet er å utvikle ny kunnskap om korleis rektorar bruker profesjonelt skjønn når dei fortolker og skal ta avgjerder. Aktuell kunnskap ligg gjerne innvoven og implisitt i handlingar. Prosjektet er relevant for skuleleiarar og andre som jobbar i skulen, men også skuleeigarar, skuleleiarutdanningar og andre som er opptatt av leiarutvikling.

Studien byggjer i hovudsak på kvalitative intervju med rektorar frå heile landet. Med bakgrunn i at profesjonelt skjønn er eit flyktig, kompleks og omdiskutert omgrep, er ein del av studien å utvikle eit samansett intervjudesign som kan fange fleire aspekt av fenomenet. I tillegg blir ei leiargruppe ved ein skule observert over tid.

Norhild Joleik sine publikasjonar (nva.sikt.no)

Stipendiat

Rettleiarar

  • Andreas Eriksen

    Andreas Eriksen

    • Professor
    • +47 672 35 989
  • Kristin Helstad

    Kristin Helstad

    • professor
    • +47 672 35 706
  • Sølvi Mausethagen

    Sølvi Mausethagen

    • Prodekan for forskning, utvikling og innovasjon, professor
    • +47 672 37 238
Publisert: 16.10.2026Sist oppdatert: 18.11.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring
Norhild Joleik

Norhild Joleik

  • stipendiat
  • +47 672 37 347