Førebelse forskingsspørsmål
- Korleis blir protestar organiserte av marginaliserte grupper mot sosial- og folkehelsepolitiske regimer forstått av sosialarbeidarar, deltek dei i dei – eller motset dei seg dei?
- Kva er historia og dei politiske moglegheitsstrukturar for kollektiv handling i dei respektive landa?
- Korleis heng sosialarbeidarar sine haldningar til kollektiv handling saman med institusjonelle rammer, styringssystem og nasjonale kontekstar?
- Kva erfaringar har sosialarbeidarar som deltek i protestar og kollektive handlingar?
Potensiell betydning
Prosjektet vil ha innverknad på den pågåande diskusjonen om grunnlaget for sosialt arbeid, og om potensialet for å forankra faget i sosial rettferd og sosiale rørsler.
Det vil òg introdusera teori om sosiale rørsler i sosialarbeidsforskinga, og dei komparative dataa vil vera relevante for andre velferdsprofesjonar, så vel som for ei breiare forståing av korleis samtidige sosiale rørsler og protestkampanjar frå marginaliserte grupper blir ramma inn og forstått.
Prosjektet kan dessutan bidra til auka forståing av kollektive handlingar innanfor sosialarbeidslitteraturen.