Saman betrar vi praksis. Samarbeid om meir inkluderande kroppsøving for barn og unge (IMPRATO)
IMPRATO-prosjektet skal utforske og utvikle kunnskap om samarbeid retta mot å fremme deltaking i kroppsøving for barn og unge.
IMPRATO-prosjektet skal utforske og utvikle kunnskap om samarbeid retta mot å fremme deltaking i kroppsøving for barn og unge.
Kroppsøvingsfaget som skal fremme aktivitet og glede ved bevegelse og bidra til å legge grunnlag for gode aktivitetsvanar vidare i livet.
Tidlegare forsking har vist at mange funksjonshindra barn og unge har negative erfaringar med faget.
Fleire opplever at dei får delta mindre enn dei ønsker, og dei føler seg ekskludert frå fellesskapet med jamaldrande.
Slike opplevingar kan vere uheldige med tanke på utvikling av sosial tilhøyrsle, men også for eleven si noverande og framtidige helse.
Prosjektet har til hensikt å bringe fram kunnskap om kva fysioterapeutar, kroppsøvingslærarar og elevar og eventuelt andre relevante samarbeidspartnarar opplever som fremmande og hemmande for samarbeid mellom aktørane, samt utforske idear dei har til utvikling av betre samarbeidspraksisar.
Basert på denne kunnskapen vil det bli lagt til rette for at dei involverte partane saman utviklar ein modell for samarbeid om kroppsøving ved skular.
Denne modellen skal også testast ut, og både gjennomføringa og modellen skal evaluerast. Prosjektet nyttar aksjonsforsking som metode.
Kvalitative data blir innsamla i form av intervju, observasjon av aktuelle aktivitetar, lydopptak av diskusjonar, skriftleg materiale frå ulike arbeidsmøte, samt forskarane sine feltnotatar. Samskaping vert arbeidsmodell i prosjektet.
Kunnskapen som blir opparbeida gjennom prosjektet og modellen for samarbeid som blir utvikla har som formål å fremme deltaking og inkludering i kroppsøving.
Resultata frå prosjektet vil kunne bidra med viktig kunnskap for å fremme deltaking i kroppsøving for barn og unge.
Kunnskapen og modellen vil også kunne ha overføringsverdi til andre område, og danne utgangspunkt for utvikling og forbetring av liknande samarbeidspraksisar på tvers av profesjonar og posisjonar, både i kommunar og i spesialisthelsetenesta.