Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Samlingsstund

Samlingsstund

Prosjektet vil undersøke ei utvida forståing av kulturarv, det vil seie ulike kulturelle tradisjonar og ytringar, som finst blant barnehagelærarstudentane ved OsloMet og barnehagane deira som arbeidsplass.

Periode
01.05.2025 – 31.12.2025
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU)
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
Prosjektleder
  • Ingrid Anette Danbolt

Å gi rom for ein større individualitet i den profesjonelle rolla gir rom for eit større mangfald. I dette prosjektet ønsker vi å auke dialogen mellom utdanning og praksis, gi inspirasjon og direkte metodar som kan takast rett ut i feltet, og som kan bringe inn mange forteljingar frå ulike liv.

Det er mange studentar som deltek på Arbeidsplassbasert bachelor i barnehagelærarutdanning (ABLU). Studentane har samling på OsloMet kvar tredje veke. 

Varierte samlingsstundar

Som ein del av arbeidet med å skape tilhøyrsel til eige studieprogram og fagmiljø vil vi bygge opp korte samlingsstunder etter idé frå samlingsstunda i barnehagane. Samlinga vil strekke seg over ca 15-20 minutt, med 10 minutt refleksjon i etterkant.

Desse samlingsstundene vil vere produksjonar med gjennomarbeidd dramaturgi som skal inspirere og begeistre studentane til å gjere noko liknande i eigen barnehage. Vi vil invitere inn kollegaer frå alle fag ved Institutt for barnehagelærerutdanning til å leie hendinga. 

Samlingane kan innehalde song på ulike språk som speglar det språklege mangfaldet vi har blant studentane, forteljingar og eventyr med røter frå ulike land, rørsle, utforsking og leik med rim og reglar. Noko av innhaldet vil bygge på gjentaking og attkjenning av innhald, men med variasjon, slik det er i barnehagen. 

Staden for aktiviteten vil variere: Ute, inne, store rom, små rom, avhengige av kva klasserom vi er i og kva andre rom som er tilgjengeleg. På denne måten vil vi også kunne utforske betydninga av rommet, som “den tredje pedagogen”. I sjølve samlingsstunda vil det krevjast full merksemd og nærvær, og studentane blir bede om å legge vekk andre utstyr.

Innsamling av dokumentasjon

Prosjektet blir dokumentert ved å samle inn planleggingsnotat til innhald i samlingsstundene, notat frå observasjon av sjølve samlinga og notat frå refleksjonar i etterkant av samlinga. I tillegg vil vi gjennomføre intervju med studentar som har deltatt i prosjektet for å få innblikk i erfaringane deira, læringsutbytte og om/på kva måtar dei tar innhaldet med seg til eigen barnehage. Intervjua vil også undersøke kva dei tenker om å bygge felleskap og nærleik til den kommande profesjonen sin på denne måten, og om, og korleis, samlingane inspirerer til å bruke kulturbagasjen sin og fagkunnskap i barnehagen.

Det vil publiserast ein artikkel om prosjektet i etterkant med tema “tilhøyrsel og kulturelt mangfald i studentlæring”. Vi vil også invitere med oss studentar til å skrive bachelor eller masteroppgåve innanfor prosjektet.

Pilot for utdanninga

Prosjektet er tenkt som ein pilot som, dersom det fungerer etter planen, kan implementerast i heiltidsutdanninga frå hausten 2026 og bli eit bidrag til å skape meiningsfulle samanhengar mellom utdanning og praksis for ferske studentar.

Saman med resultat frå forskingsprosjektet Levende kulturarv vil prosjektet i 2027 inngå som grunnlag for å søke midlar via Horisont Europa under Pillar 2, Cluster of Culture, Creativity and Inclusive Society (research-and-innovation.ec.europa.eu). 

Prosjektdeltakere

  • Elisabeth Anvik

    Elisabeth Anvik

    • førstelektor
    • +47 672 37 511
  • Eilen Sunniva Bergvik

    Eilen Sunniva Bergvik

    • universitetslektor
    • +47 672 36 329
  • Synnøve Smebye Botnen

    Synnøve Smebye Botnen

    • førsteamanuensis
    • +47 672 35 630
  • Ingrid Anette Danbolt

    Ingrid Anette Danbolt

    • førstelektor
    • +47 672 37 466
  • Tona Gulpinar

    Tona Gulpinar

    • førsteamanuensis
    • +47 672 37 553
  • Leif Hernes

    Leif Hernes

    • professor/koreograf
    • +47 672 35 107
  • Johnny Hyunh

    Johnny Hyunh

    • universitetslektor
    • +47 672 37 270
  • Synne Sagstad Imeland

    Synne Sagstad Imeland

    • universitetslektor
    • +47 672 35 487
  • Eivind Karlsson

    Eivind Karlsson

    • Dosent
    • +47 672 37 437
  • Tove Lafton

    Tove Lafton

    • professor
    • +47 672 37 559
  • Line Marie Onsrud

    Line Marie Onsrud

    • universitetslektor
    • +47 672 36 491
  • Evi Petersen

    Evi Petersen

    • førsteamanuensis
    • +47 672 36 945
  • Bushra Fatima Syed

    Bushra Fatima Syed

    • universitetslektor
    • +47 672 37 706
Publisert: 02.05.2025Sist oppdatert: 15.09.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring