Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Strategisk lokalt leiarskap for aktiv alderdom og aldersvennlege lokalsamfunn

Strategisk lokalt leiarskap for aktiv alderdom og aldersvennlege lokalsamfunn

LOCALCARE skal undersøke korleis kommunar i Noreg, Sverige og Danmark kan jobbe heilskapleg med aldersvennlege bumiljø og helse- og omsorgstenester.

Periode
01.10.2025 – 30.09.2029
Finansiering
NordForsk
Prosjekteier
  • Nordregio
Prosjektleder
  • Anna Granath Hansson

I Norden fører ei aldrande befolkning til auka press på velferdstenestene, og dermed til ein debatt om korleis kommunar kan sikre berekraftige tenester. Som respons har helsemyndigheitene i Sverige, Noreg og Danmark signalisert at kommunane må planlegge for meir heimetenester, lokal omsorg og aldersvennleg stadsutvikling. Mange kommunar har allereie begynt å bevege seg bort frå institusjonsbasert omsorg til heimebasert omsorg.

Dette krev likevel ei langt meir heilskapleg tilnærming frå kommunanes side, og tverrsektoriell koordinering mellom kommunale avdelingar for helse og omsorg, planlegging, bustad, samferdsel og grøntstruktur. I dag skjer dette ofte stykkevis og utan koordinering. Det er derfor behov for meir kunnskap på tvers av fagfelt.

Prosjektet LOCALCARE skal undersøke korleis kommunar i Noreg, Sverige og Danmark kan jobbe heilskapleg med aldersvennlege bumiljø og helse- og omsorgstenester. Prosjektet vil jobbe med:

  1. Indikatorar for aldersvennlege bustadtypar som inkluderer element av helse og omsorg,
  2. "Eit "Aldersvennlig lokalsamfunnskompass" som skal støtte utviklinga av aldersvennlege nærmiljø, og
  3. Innsikt i den strategiske styringa av kommunane mot aldersvennlege byar. Arbeidet skal gjennomførast i tett samarbeid med seks partnarkommunar og ei referansegruppe med relevante aktørar. Vidare bidrar LOCALCARE til å bygge opp eit nytt tverrfagleg forskingsfelt med fokus på nordiske forhold.

Resultatet frå prosjektet vil gi konkrete verktøy som kan brukast av kommunane slik at dei kan arbeide strategisk for å skape kvalitativt gode bumiljø som mogleggjer helse- og omsorgstenester i heimen.

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med seks kommunar og ei referansegruppe, og bidrar til å utvikle eit nytt tverrfagleg forskingsfelt med nordisk fokus.

Hilde Zeiner er den som leier prosjektet frå NIBR-OsloMet.

Prosjektdeltakere

  • Gro Sandkjær Hanssen

    Gro Sandkjær Hanssen

    • forsker I
    • +47 672 35 688
  • Hege Hofstad

    Hege Hofstad

    • forsker I
    • +47 672 35 689
  • Hilde Hatleskog Zeiner

    Hilde Hatleskog Zeiner

    • forsker II
    • +47 672 36 425

Eksterne deltakere

  • Nordregio (Prosjektleiar)
  • Kristianstad University, Faculty of Health Science
  • Lund University, Faculty of Medicine
  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO)
  • NTNU – Institutt for arkitektur og planlegging
  • Royal Danish Academy – Institute of Architecture, Urbanism and Landscape
  • University of Copenhagen - Department of Public Health
  • To kommuner fra hvert land (Danmark, Norge, Sverige)
Publisert: 18.06.2025Sist oppdatert: 29.08.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring