Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Å synleggjere heimespråk: Perspektiv frå polske familiar og pedagogiske leiarar i norske barnehagar

Å synleggjere heimespråk: Perspektiv frå polske familiar og pedagogiske leiarar i norske barnehagar

Ph.d.-prosjektet utforskar korleis heimespråk blir støtta og implementert i norsk barnehage, sett frå perspektiva til minoritetsforeldre og pedagogiske leiarar.

Periode
01.09.2022 – 01.04.2026
Finansiering
OsloMet – storbyuniversitetet
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU)
Prosjektleder
  • Monika Stapor

Ph.d.-prosjektet undersøker korleis barns heimespråk blir forstått og støtta i norske barnehagar. Prosjektet spring ut frå eit aukande språkleg mangfald i Noreg, der om lag kvart femte barn har eit anna førstespråk enn norsk.

Barnehagen speler derfor ei sentral rolle i å støtte både den norskspråklege utviklinga til barna og varetaking av heimespråka deira. Målet med prosjektet er å få innsikt i korleis foreldre og barnehagetilsette (pedagogiske leiarar) forstår og implementerer bruk av heimespråk i barnehagen, og dessutan kva faktorar som fremmar eller hemmar slik språkstøtte.

Metode

Prosjektet søker å svare på spørsmål som: Korleis tolkar pedagogiske leiarar retningslinjene i Rammeplanen når det gjeld støtte til barns heimespråk? Kva er synet til foreldra på bruk av heimespråket til barna i barnehagen?

Forskingsprosjektet består av tre delstudiar: éin med fokus på familiespråkpolitikk i transnasjonale polske familiar, éin med polske mødrer om deira syn på bruk av ulike morsmål i barnehagen, og éin med pedagogiske leiarar i norske barnehagar.

Metodisk bygger prosjektet på kvalitative djupneintervju analysert gjennom ei fenomenologisk tilnærming, med vekt på erfaringane og perspektiva til deltakarane.

Prosjektet er relevant for barnehagelærarar, forskarar og avgjerdstakarar som ønsker å forstå korleis fleirspråkligheit kan verdsettast og integrerast i det pedagogiske arbeidet til barnehagen.

Monika Ewa Stapors publikasjonar (nva.sikt.no

Rettleiarar

Joakim Evensen Hansen, Universitetet i Stavanger

Prosjektdeltakere

  • Anna Sara Hexeberg Romøren

    Anna Sara Hexeberg Romøren

    • førsteamanuensis
    • +47 672 37 605
  • Monika Stapor

    Monika Stapor

    • universitetslektor
    • +47 672 38 365

Stipendiat

Publisert: 11.11.2025Sist oppdatert: 11.12.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring
Anna Sara Hexeberg Romøren

Anna Sara Hexeberg Romøren

  • førsteamanuensis
  • +47 672 37 605
Monika Stapor

Monika Stapor

  • universitetslektor
  • +47 672 38 365