Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Utandørs læring i høgare utdanning (OLHE)

Utandørs læring i høgare utdanning (OLHE)

Prosjektet har som mål å styrke kunnskap, ferdigheiter og praksis knytt til utandørs læring (Outdoor Learning, OL) i høgare utdanning på tvers av Europa.

Periode
01.01.2024 – 31.12.2027
Finansiering
Erasmus+
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU)
  • Universitetet i Augsburg, Tyskland

OsloMet er partnar i dette Erasmus+-prosjektet som fokuserer på transformativ læring, berekraftige kompetansar og auka trivsel gjennom bruk av utebaserte undervisningsformer, og dessutan å etablere eit nettverk for undervisarar.

OsloMet si rolle i prosjektet

OsloMet deltar i alle arbeidspakkene i prosjektet, men har hovudansvar for éin av dei, arbeidspakke to (WP 2). Denne arbeidspakka fokuserer på kartlegging og analyse av eksisterande praksisar for utandørs læring i høgare utdanning, blant anna gjennom datainnsamling og analyse basert på intervju med undervisarar ved ulike europeiske institusjonar. Frå OsloMet deltar Evi Petersen og Henrik Neegaard frå Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar.

Vil du bidra i forskinga?

Vi inviterer undervisarar til å svare på spørjeskjemaet vårt, som undersøker korleis undervisarar frå ulike disiplinar bruker utandørsaktivitetar i undervisninga si i høgare utdanning. Det tar 2–8 minutt å fylle ut skjemaet (soscisurvey.wu.ac.at).

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er interessert i prosjektet, eller ønsker å bli ein del av OLHE-nettverket. 

  • Prosjektets heimeside (uni-augsburg.de)

Prosjektdeltakere

  • Henrik Neegaard

    Henrik Neegaard

    • førstelektor
    • +47 672 37 460
  • Evi Petersen

    Evi Petersen

    • førsteamanuensis
    • +47 672 36 945
Publisert: 27.05.2025Sist oppdatert: 03.06.2025

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring