Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
EN
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Forskningsprosjekter
  4. Utvikling av språk- og fagkompetanse hos vaksne innvandrarar i helsefagarbeidarutdanninga

Utvikling av språk- og fagkompetanse hos vaksne innvandrarar i helsefagarbeidarutdanninga

Ph.d.-prosjekt som utforskar korleis vidaregåande skole kan legge til rette for utvikling av språk- og fagkompetanse hos vaksne innvandrarar i helsefagarbeidarutdanninga.

Periode
01.09.2022 – 31.08.2026
Finansiering
Norges forskningsråd
Prosjekteier
  • Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI)
  • Institutt for yrkesfaglærerutdanning (YLU)
Prosjektleder
  • Tove Andersen

Tidlegare forsking har peika på at utilstrekkelege norskspråklege ferdigheiter er eitt av fleire hindre for sysselsetting av innvandrargrupper. Formell kompetanse, for eksempel i form av fagbrev, har vist seg å gi meir varig tilknyting til arbeidslivet og betre integrering.

Dette doktorgradsprosjektet søker svar på korleis vidaregåande skolar kan bidra til at vaksne minoritetsspråklege deltakarar utviklar tilstrekkeleg språk- og fagkompetanse, slik at dei fullfører og består helsefagarbeidarutdanninga, får eit fagbrev og betrar moglegheitene sine i yrkeslivet og i samfunnet.

Overordna problemstilling: Korleis kan vidaregåande skole legge til rette for utvikling av tilstrekkeleg språk- og fagkompetanse hos vaksne innvandrarar i helsefagarbeidarutdanninga, og korleis blir utdanningsløpet opplevd og vurdert av lærarar og deltakarar?

Metode

Prosjektet har ei aksjonsforskingstilnærming og bruker ulike kvalitative metodar. Tiltak retta mot utvikling av språk- og fagkompetanse er systematisk prøvde ut. Nokre av utprøvingane har vore knytt til prosjektet Lærerutdanningsskoler i yrkesfaglærarutdanninga (LUSY).

Stipendiaten skriv ei artikkelbasert avhandling med tre artikler:

  • Artikkel 1: Utvikling av språk- og fagkompetanse hos vaksne innvandrarar i helsefagarbeidarutdanninga: Erfaringar frå aksjonsforsking i vidaregåande skole.
  • Artikkel 2: Ein "innfødd” med mange hattar: Kritisk kunnskapsdanning frå innsida i eit aksjonsforskningsprosjekt i vaksenopplæringa.
  • Artikkel 3: "Vi føler at vi lurer dei". Vaksenopplæring i helsearbeidarfaget.

Tove Andersen sine publikasjonar (nva.sikt.no)

Rettleiarar

Gunn Vedøy, professor, Høgskulen på Vestlandet

Prosjektdeltakere

  • Tove Andersen

    Tove Andersen

    • Ekstern stipendiat
  • Hilde Hiim

    Hilde Hiim

    • Emeriti

Eksterne deltakere

  • Gunn Vedøy, professor på Høgskulen på Vestlandet

Stipendiat

Publisert: 16.01.2026Sist oppdatert: 27.02.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring
Hilde Hiim

Hilde Hiim

  • Emeriti
Tove Andersen

Tove Andersen

  • Ekstern stipendiat