Verknad av ungdomsmedverknad
Har ungdomsmedverknad nokon påverknad på avgjerder i norske kommunar og fylkeskommunar?
Norske kommunar og fylkeskommunar er pålagde å gi ungdom ei stemme i lokalpolitikken og i planprosessane, men er dei villige til å la dei påverke avgjerdene til politikarane?
I dette Bufdir-finansierte prosjektet skal forskarar frå By- og regionforskingsinstituttet (NIBR) ved OsloMet og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) utforske om medverknad frå unge gjennom ungdomsråd og planprosessar har noko å seie i (fylkes)kommunale avgjerdsprosessar. Forskarane skal mellom anna bruke nyskapande metodar som maskinlæringsassisterte tekstanalyse for å finne svar.
Prosjektet skal gi auka innsikt og forståing av høva unge har til å medverke i kommunale og fylkeskommunale politiske prosessar, og kva verknader unges medverknad eventuelt har på politikk og planar.
Med unge meiner vi her ungdom i aldersgruppa 13-19 år, og med verknad meiner vi i denne samanhengen påverking på dagsordenseitting, politikkutforming og avgjerder om budsjett, planar, tilbod og tenester i kommunestyre og fylkesting.
Tidlegare forsking antydar at innverknaden er avgrensa
Tidlegare studiar viser at ungdomsmedverknad i samsvar med kommunelova og plan- og bygningsloven (PBL) blir praktisert svært ulikt i kommunane og fylkeskommunane, og at verknaden av medverknaden til unge generelt er avgrensa.
Ein mangel ved forskinga er likevel at denne i all hovudsak dokumenterer den subjektive oppfatninga av innverknad og påverking blant unge eller vaksne kommunetilsette. Det ligg også lite systematisk kunnskap føre om kva faktorar som kan vere avgjerande for at unges stemmer kan påverke avgjerdsprosessane på ein god måte, ut over at kommunestorleik og sentralitet har noko å seie.
Endeleg rapport: NIBR-rapport 2026:14 - Virkning av ungdomsmedvirkning: En studie av ungdomsråd, politikk og plansaker i norske kommuner og fylkeskommuner (nva.sikt.no).
Prosjektdeltakere
Eksterne deltakere
- Ruth Kjærsti Raanaas, NMBU
- Elin Børrud, NTNU



