Utdanning med berekraftsperspektiv
Eitt av våre viktigaste bidrag til ei berekraftig samfunnsutvikling er kandidatane vi utdannar. Svært mange av utdanningane ved OsloMet gir kunnskap som er viktig og relevant for at vi skal kunne nå berekraftsmåla.
OsloMet tilbyr ei rekkje studieprogram, enkeltemne og etter- og vidareutdanningar der studentane lærer om berekraftsmåla og kan integrere dei i prosjekta og oppgåvene sine.
For studentar som ønskjer å ta deler av utdanninga i utlandet har vi etablert ei ordning med berekraftig utveksling (student.oslomet.no).
Her finn du nokre eksempel på utdanningar med eit tydeleg berekraftsperspektiv.