I tråd med måla til Intelligent helse ved OsloMet, gjer sensorteknologi det mogleg å bruka teknologi for å betra helsa.
Sensorar blir brukte til diagnostisering, førebygging og behandling av sjukdom, og til å føreseia respons på behandlinga. I helseforsking blir sensorar brukte til å samla inn og tolka biologiske og fysiologiske data.
Data frå sensorteknologi bidreg til teknologisk innovasjon, og gir viktig helseinformasjon.
Ein viktig eigenskap sensorar har er at dei kan måla biomarkørar ikkje-invasivt. Det fører til mindre smerte og ubehag for pasienten og reduserer risikoen for infeksjonar.
I tillegg kan sensorar brukast uavhengig av alderen, kjønnet og helsa til pasienten.
Sensorteknologi ved OsloMet
Ved å ta i bruk avansert sensorteknologi fokuserer forskarar ved OsloMet på å forstå sensoriske signal, avdekkja mønster og samanhengar, og overvaka biomarkørar som kan visa tidlege teikn på helseutfordringar.
Ved OsloMet bruker me kunstig intelligens og maskinlæring til å forska på signal samla frå ei rekkje sensorar og finna nye samanhengar.
Døme på sensorteknologiar som blir brukte av forskarar og studentar ved OsloMet er:
- Akselerometre som måler rørsle, helling, vibrasjonar og liknande
- Berbare sensorar som kontinuerleg overvakar til dømes blodsukkernivået
- Elektroencefalografi (EEG)
- Elektrokardiografi (EKG)
- Funksjonell nær-infraraud spektroskopi (fNIRS)
- Fotopletysmografi (PPG)
- Miljøsensorar for å oppdaga til dømes luftkvalitet









