Gjennom universitetsskoleordninga ønsker vi å utvikle god praksis i skole og lærarutdanning gjennom samproduksjon av forsking og utviklingsarbeid, FOU.

Dette skal vi gjere gjennom å identifisere gode problemstillingar saman , utvikle prosjekt saman , komplementere og utfylle kvarandre.

Forslag til tema for forsking og utviklingsarbeid kan komme både frå skolesektoren og frå Institutt for grunnskole og faglærarutdanning (GFU). Samproduksjonen består av tre fasar:

  • Ideutvikling 
  • Datainnsamling og analyse 
  • Deling og formidling 

Kvar vår i perioden 2025 - 2030 blir arrangert eit idémyldringsseminar for å matche idear og behov frå skolesektoren med idear og fagområde frå lærarutdanninga. 

Sjølve arbeidsprosessen følgjer denne tidslinja: 

  • Mars 2026: Kartlegge idear i idéverkstad 
  • Mars 2026: Bekrefte prosjekt 
  • April 2026: Søknadsfrist såkornmidlar 
  • Juni 2026: Svar på søknad 
  • August 2026: Oppstart av prosjekt og gjennomføring 
  • Juni 2028: Sluttrapportering og formidling