Om Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium
Fakultetet består av fire institutt og Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO), i tillegg til ein fakultetsadministrasjon. Vi held til i Pilestredet i Oslo sentrum og på Kjeller i Lillestrøm kommune.
Den strategiske handlingsplanen til fakultetet 2025-2030 gir arbeidet vårt retning.
Rapporten Eit blikk på fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar (nva.sikt.no) frå 2024 gir deg eit raskt innblikk i korleis vi jobbar for å nå dei strategiske måla gjennom organisasjon, nøkkeltal og aktivitetar innanfor utdanning, forsking, utvikling og innovasjon, samarbeid og partnarskap og formidlingsarbeid.
Leiinga av fakultetet
Dekanen er fakultetet si øverste leiar. Fakuletet sitt leiarmøte møtast ein gong i veka, og samlar dekanen, prodekanane, fakultetsdirektøren, dei fire instituttleiarane, og senterleiar ved Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO). Leiargruppa har tre leiarstøttar som bistår dem i det daglege arbeidet.
Fakultetsstyret er fakultetet sitt øvste organ, og rapporterer til rektor via dekanen.
Oversikt over fordeling av ansvar og oppgåver på OsloMet
Fakultetsadministrasjonen
Fakultetsadministrasjonen er leia av fakultetsdirektøren, og jobbar tverrfagleg i nært samarbeid med einingane til fakultetet.
Fakultetsadministrasjonen har omtrent 120 tilsette som arbeider med administrasjon av studium, praksis, forsking og utvikling, oppdrag og vidareutdanningar, økonomi, HR, kommunikasjon, personvern og støttetenestar til institutta.
Seksjonar, oppgåver og nyttige lenker i fakultetsadministrasjonen
Strategisk arbeid ved fakultetet
Prosjektet LUILOK ser mellom anna på korleis fakultetet kan legge godt til rette for studentane i Pilestredet 42, ivareta tilsettes behov for arbeidsplassar og korleis areala i bygget vert utnytta, i samanheng med OsloMet sitt campusutviklingsprogram.
Satsinga SAMSKAP svarar på den strategiske handlingsplanen, og har som mål å utvikle, samle og mobilisere kunnskap som styrker fakultetet si forsking i samspel med praksisfeltet.










