Feiringa av 90 år med barnehagelærarutdanning fann stad 2. til 4. september 2025.
På bursdagsfesten den 2. september, hadde vi besøk av rundt 200 barnehagebarn som deltok i skapande aktivitetar og leik på studiestad Pilestredet.
Barna besøkte leikestasjonar i festivalteltet, og kunne dele sine tankar og drøymer om framtidas barnehage i spåteltet. Dei boltra seg med aktivitetsløype i gymsalen, og høyrde på forteljingar og musikk inne i Pilestredet 52.
I tillegg hadde vi endå fleire deltakande vaksne på det faglege programmet: studentar, tilsette i barnehagar, noverande og tidlegare kollegaer ved barnehagelærarutdanninga ved OsloMet og samarbeidspartnarar frå inn- og utland.
Trefte mange ulike målgrupper
Instituttleiar Kristin Danielsen Wolf fortel at tilsette ved instituttet har fått tilbakemeldingar om at jubileumsarrangementa har vore interessante og varierte, og at dei trefte mange ulike målgrupper.
– Vi er glade for å ha fått synleggjort mange sider ved barnehagelærarutdanninga gjennom tidene, både fortid, notid og framtid. Arrangementa har løfta fram utdanninga, samarbeid med eksterne aktørar, og forskings- og utviklingsarbeid ved instituttet, seier Wolf.
Eit gyllent høve til å løfte fram barnehagelærarutdanninga
Ho meiner verdien ved å markere slike jubileum ligg i at vi stoppar opp litt og set av tid til ettertanke og refleksjon.
– Når 90-årsjubileet også fell på ei tid med utfordringar knytte til søkkande søkartal og rekruttering til både barnehagelærarutdanninga og barnehagefeltet, var dette eit gyllent høve til å fortelje andre historier om det å utdanne seg til lærar for barn i barnehagen, og om det å arbeide i barnehage.
Ho fortel at arbeidet med ny felles rammeplan for alle lærarutdanningane representerer ei mogleg kommande brytningstid for barnehagelærarutdanninga.
– Nettopp i slike tider er det nyttig å minne oss sjølve om historia og fundamentet til utdanninga. Dette er vesentleg og viktig når vi skal vidareutvikle og fornye barnehagelærarutdanninga for framtida, seier Wolf.
