Craft Hub er eit EU-prosjekt finansiert av Creative Europe-programmet. Forskingsprosjektet har søkjelys på handverk som kulturarv og korleis handverksteknikkane kan vere relevante i vår tid og i framtida.

Aktivitetane i prosjektet inneber å undersøkje og dokumentere handverksferdigheiter og prosessar, og den ulike bruken deira i kreative praksisar over heile Europa. Dette blir realisert gjennom eit omfattande online materialbibliotek, 305 dagar med workshops, ein festival, sju utstillingar og to konferansar.

Skapande fag og deira rolle i samfunnet

Ein av dei to konferansane er altså på OsloMet, der Institutt for produktdesign (PD) og Institutt for estetiske fag (EST) er vertskap. I spissen står professor Arild Berg.

–  Konferansen set praktisk kunnskap og kreativitet på dagsordenen og korleis dette tek omsyn til kunstnarisk utviklingsarbeid og innovasjon, forklarer Berg.

–  Digitaliseringa av samfunnet er ei moglegheit, men også ei utfordring for mange yrke.

–  På konferansen kjem deltakarar frå heile Europa for å snakke om handverk, kunsthandverk, design og kunst - og korleis dette tek omsyn til kulturell berekraft og andre viktige verdiar i samfunnet.

–  Den eine delen handlar om kulturarv og tradisjon og forholdet mellom verdiar som ligg i praksisbasert kunnskap, ny teknologi og handverk, seier Berg.

–  Den andre delen om estetikken til materialet, og korleis materialitet bidreg til kommunikasjon og oppleving i kvardagen. Dette blir knytt til nye satsingsområde i EU, til dømes planen «New European Bauhaus», der berekraft blir kopla til estetiske omgivnader, inkludering og medverknad, og der folk flest blir involverte i byutvikling og samfunnsutvikling.

–  Den siste delen av konferansen handlar om handverk og teknologi, fortel prosjektleiaren.

– Her ser vi bruk av Virtual Reality og mellom anna korleis glaskunst blir brukt i offentlege utsmykking verda rundt, i samarbeid med den tyske partnaren i Craft Hub, Glasmalerei Peters Studio.

Berg er også svært glad for å ha ein deltakar frå EU-kommisjonen på konferansen.

– Det er eit høgdepunkt og vil vise moglegheitene for handverk og kreativitet, kunsthandverk, kunst og design i ein forskingskontekst i EU, seier han.

Lokale kunstnarar og designarar

I samband med  konferansen er det også ei utstilling i OsloMet sitt eige galleri i Pilestredet park 33.

Utstillinga som har fått tittelen Transform, viser arbeid i eit stort spekter av materiale og teknikkar og blir opna av Tanja Storsul, prorektor for forsking og utvikling.

– Vi ønskjer å setje kunstnarisk utviklingsarbeid på dagsordenen og sjå dette i samspel med forsking på konferansen, understrekar Berg.

– Transform viser brei utforsking i kunst, handverk og kunsthandverk. Deltakarane er tilsette ved OsloMet knytt til Craft Hub. I galleriet vil det også visast ei digital utstilling frå utvalde kunstnarar i prosjektet.

Utstillinga er kuratert av Wenche Lyche(PD) og Siv Hofsvang (EST). Ho blir arrangert i samarbeid med OsloMet visningsarena, der Institutt for estetiske fag arbeider for å etablere fleire visningspunkt rundt om på campus Pilestredet.

Særeigen verdi

På OsloMet er forskingsprosjektet Craft Hub forankra i forskingsgruppa «Design, kultur og berekraft» ved Institutt for produktdesign og Institutt for estetiske fag.

– Vi har oppnådd å samle kollegiet på tvers av ulike institutt ved Fakultet for teknologi, kunst og design og også andre fakultet på OsloMet, i eit felles prosjekt. Det er flott!

– I ei tid kor kunstig intelligens og digitalisering er det som ofte får mest merksemd, er prosjektet viktig, meiner Berg.

– Vi lever i ei tid kor mykje av det som skjer, går føre seg på skjermen. Etter koronaperioden opplevde mange kor djupkjende det er å kunne møte nokre ansikt til ansikt, eller å vere i eit rom saman med nokon og gjere noko praktisk.

– Dei estetiske faga har ein særleg verdi og ein særskild posisjon til å kunne forløyse ein heilt eigen type kompetanse, kunnskap og ferdigheiter i mennesket, avsluttar Berg.

Fakta om CraftHub

  • Craft Hub er eit EU-prosjekt finansiert av Kreativt Europa
  • Kreativt Europa er EUs program for kulturelt samarbeid
  • Hovudformålet er å styrkje kulturelt samarbeid og mangfald i Europa
  • Craf Hub-prosjektet blir leidd av Carlow County Council i Irland
  • Forskingsprosjektet har fokus på handverk sett i lys av kulturarv og kva som kan vere den nye relevansen til handverksteknikkane i vår tid og i framtida
  • Prosjektet har som mål å lage eit digitalt materialbibliotek, utstillingar og workshops
  • Opning av utstillinga på OsloMet er 26. oktober og ho står til 2. november 2023 i galleriet i Pilestredet park 33
  • Konferansen på OsloMet blir arrangert 26. og 27. oktober, og dessutan 1. november (online)
  • Les meir om Craft Hub (crafthub.eu) (engelsk)