39 kandidatar har gjennomført forskarutdanning ved OsloMet mellom 5. november 2025 og 5. mai 2026. Desse blei heidret på ein høytideleg seremoni i festsalen på campus Pilestredet onsdag 3. juni.

30 av dei nye doktorane var til stades for å motta diplom.

Dei tre nye æresdoktorane på OsloMet, som blei utnemnt i september i fjor blei også heidra med både fagseminar og diplomutdeling under kreeringsseremonien. 

Nobelprisvinnar og journalist Maria Ressa, og den anerkjende svensk-samiske kunstnaren Britta Marakatt-Labba var til stades, medan generaldirektør i WHO Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus deltok digitalt frå Geneve.

Les meir på sidene for tilsette (ansatt.oslomet.no)