OsloMet tilbyr eit bachelorstudium i rettsvitskap frÃ¥ hausten 2027 og har inngÃ¥tt ein intensjonsavtale med Rettssenteret om praksis for jusstudentane.Â
Avtalen vart signert 30. oktober av Cathrine Moksness, leder for Retssenteret og professor Julia Köhler-Olsen.
Rettssenteret yter gratis rettshjelp og formidlar rettsinformasjon til utsette og sårbare grupper, og har som mål å gjere rettshjelp lett tilgjengeleg for alle (rettssenteret.no).
Vil senke terskelen for å få hjelp
Samarbeidet skal gi studentane praktisk erfaring samtidig som dei bidrar til ei viktig samfunnsoppgåve.
– Gjennom denne praksisavtala skal studentane delta i Rettssenterets oppsøkande arbeid med å gi informasjon om rettar og gratis rettshjelp, seier Köhler-Olsen.
– Vi skal bidra til å formidle viktig juridisk kunnskap og senke terskelen for å få hjelp med juridiske spørsmål, særleg for dei som ofte fell utanfor det ordinære rettshjelpssystemet.
Studentane møter verkelege saker
Samarbeidsmodellen liknar den avtala Rettssenteret har med Handelshøyskolen BI, der jusstudentar får jobbe med ekte saker.
– For studentane våre betyr dette ei unik moglegheit til å bruke juridisk kunnskap der ho faktisk utgjer ein forskjell. I staden for berre å lese om rettar i lærebøkene, får dei møte menneske med konkrete spørsmål om for eksempel økonomi, bustad, arbeid, familie eller offentlege tenester, seier Köhler-Olsen.
– Slik kan dei bidra til å styrke rettstryggleiken i samfunnet.
Studentane vil jobbe under tett oppfølging av juristar som kvalitetssikrar arbeidet deira, slik at dei får verdifull praksis utan at det går på akkord med rettstryggleiken til klientane.
Sterkare kopling mellom utdanning og samfunn
I tillegg til at studentane får erfaring med klientmøte og juridisk problemløysing, får Rettssenteret auka kapasitet, slik at dei kan hjelpe fleire.
– Dessutan vil det styrke koplinga mellom forsking, utdanning og samfunnsnytte ved OsloMet, seier Köhler-Olsen.
Intensjonsavtala er første steg mot eit reelt samarbeid.
– Vi håpar dette samarbeidet vil bli eit konkret eksempel på korleis universitetet bruker kompetansen til studentane til å skape samfunnsverdi, seier Köhler-Olsen.

