Vil kommunen din forbetre tenestene gjennom forsking? OsloMet inviterer til eit samarbeid om Offentleg sektor-ph.d.

Kva er Offentleg sektor-ph.d.?

Offentleg sektor ph.d.-ordninga (OFFPHD) er ei finansieringsordning der offentlege arbeidsgivarar kan søke om støtte frå Forskningsrådet slik at ein tilsett kan gjennomføre eit doktorgradsprosjekt. 

Temaet for doktorgradsprosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar innanfor ansvarsområda til verksemda og produsere resultat som er relevante for verksemda. 

Kvifor samarbeide med OsloMet om eit OFFPHD-prosjekt?

Prosjektet kan mellom anna bidra til langsiktig kompetansebygging hos tilsette i offentleg sektor, tettare samarbeid mellom offentleg sektor og forskingsmiljø og til at det blir lettare å ta forskingsbasert kunnskap i bruk.

Kva kan de få støtte til?  

Forskingsrådet bidreg vesentleg til finansieringa: 

  • Kommunen kan få dekt inntil 50 % av dei godkjende prosjektkostnadene. Resterande kostnader dekkast av kommunen. 
  • For treårige prosjekt er støtten inntil om lag 715 000 kr per år, og for fireårige prosjekt inntil om lag 536 000 kr per år. 

Krav til gjennomføring og kandidat 

  • Kandidaten må vere fast tilsett i kommunen og ha ein mastergrad. Ordninga gjeld ikke for dei som allereie har ein doktorgrad eller har starta på eit ph.d.-løp. 
  • For å sikre god fagleg forankring skal kandidaten tilbringe til saman minst eitt år på OsloMet og minst eitt år i kommunen i løpet av prosjektperioden. Opphaldet treng ikkje å vere samanhengande og kan delast opp i fleire kortare delar fordelt over prosjektperioden. 
  • Vi inngår ein formell samarbeidsavtale og gjennomfører framdriftsmøte kvart semester. 

Slik kjem vi i gang 

For å lykkast må vi etablere eit tett trepartssamarbeid mellom verksemda, kandidaten og OsloMet. 

  • Ver tidleg ute: Søknader blir behandla løpande fra og med 21. januar, og midlar delast ut til budsjettet er tomt. Det er ingen fast frist, så det lønner seg å starte prosessen no.
  • Samarbeid før søknad: Vi må samarbeide tett om prosjektutviklinga, da opptaksprosessen til eit ph.d.-program ved OsloMet må vere i gang før søknaden blir send. 

Oppstart og utlysningstekst

For denne runden må prosjektet starte mellom 10. august 2026 og 4. januar 2027. 

Ytterlegare detaljar er tilgjengelege i utlysningsteksten (forskningsradet.no)

Denne ordninga blir lyst ut årleg. Dersom det ikkje blir aktuelt å søke i år, er det lurt å planlegge for neste utlysing allereie no.