Utdanningssamarbeid

Rekruttering av studentar frå samarbeidskommunar

OsloMet samarbeider med kommunane på Romerike om å få fleire unge i regionen til å søke seg til høgare utdanning, for å bidra til å løfte utdanningsnivået på Romerike og rekruttere fleire unge inn i yrke som det er stort behov for i regionen, til dømes i skole, barnehage, helsetenester og næringsliv.

Vi har fleire studentrekrutteringstiltak retta mot unge på Romerike, i samarbeid med dei vidaregående skolane, Akershus fylkeskommune og kommuneleiarar i regionen.

Tiltaka inkluderer aktivitetar som kan bidra med motivasjon og god informasjon
til unge potensielle studiesøkarar på Romerike. Erfaring viser at møte med gode rollemodellar er viktig når unge skal velge utdanning.

Etter- og vidareutdanningstilbod for dei tilsette i kommunen 

OsloMet tilbyr ei rekke etter- og vidareutdanningar som er relevante for tilsette som ønsker kompetanseheving:

  • Vidareutdanningar er emne som gir formell kompetanse på universitetsnivå med studiepoeng. Dette kan vere emne som inngår i ein grad (bachelor, master), eller frittståande emne utanfor gradssystemet.
  • Etterutdanningar er kortare kurs utan eksamen og studiepoeng, og som ikkje inngår i eit gradssystem.

Alle studieprogram på OsloMet

OsloMet tilbyr også skreddarsydd kompetanseheving for organisasjonar, innanfor mange fagområde. 

For barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæringa tilbyr vi kollektiv kompetanseutvikling.

OsloMet kan støtte barnehage- og skoleeigarar med å utvikle gode rettleiingsordningar for nyutdanna lærarar i barnehage og skole.

Samarbeid om bachelor- og masteroppgåver

Fleire av utdanningane på OsloMet arrangerer såkalte mastertorg der organisasjonar frå offentleg og privat sektor presenterer problemstillingar som kan vere tema for masteroppgåver.

Eksempel på mastertorg:

Samarbeid om rettleiing av studentar i praksis

OsloMet er eit profesjonsuniversitet og utdannar studentar til mange ulike yrke. Dei fleste av
utdanningane våre inneheld ei eller fleire periodar i praksis i arbeidslivet, og det er behov for praksisrettleiarar som kan følge opp studentane på praksisplassen. 

Forskingssamarbeid

Forsking er ein sentral del av verksemda ved OsloMet og eit overordna strategisk mål er å produsere «forsking av høg kvalitet, utvikle kunnskap som løyser samfunnets utfordringar og ha forsking som bidrar til å utvikle utdanningane». 

Samarbeid om forskings- og innovasjonsprosjekt

OsloMet samarbeider med kommunar om eksternfinansierte forskings- og innovasjonsprosjekt. Desse kan vere finansiert av Norges Forskingsråd, EU, eller oppdragsmidlar frå departement eller andre offentlege eller private verksemder.  

I nokre prosjekt er OsloMet og kommunen likestilte partnarar og utfører oppgåver på lik linje, mens i andre prosjekt er kommunane arenaer der ny kunnskap, nye tenester eller nye produkt blir testa ut. Kommunen kan også leie prosjekt der OsloMet er med som partnar eller vice versa.

Følgeforsking

Følgeforsking blir brukt til å sjå korleis eit tiltak, eit opplegg eller ei endring fungerer mens dei pågår. Forskinga foregår i tett samarbeid og dialog med kommunen og kan bidra til å gi innsikt mens endringa skjer.

Samarbeid gjennom forskarskolar

En forskarskole er eit nettverk av forskingsinstitusjonar og andre institusjonar som saman lagar eit program som er eit supplement til institusjonane sine doktorgradsprogram og kursa som tilbys der. 

Ph.d.-stipendiatar og postdoktorar som allereie er tatt opp på ein av institusjonane sine program kan søke om å bli medlem og få tilgang til ulike kurs, workshops og andre arrangement.

Offentleg sektor-ph.d. for dei tilsette i kommunen

Offentleg sektor-ph.d. er ei ordning frå Norges Forskingsråd der ein arbeidsgivar i offentleg sektor kan søke om finansiering for at ein tilsett skal gjennomføre eit doktorgradsprosjekt. 

Prosjektet skal vere relevant for ansvarsområdet til verksemda og bygge kunnskap og kompetanse som er relevant og anvendbar for den offentlege verksemda. 

Prosjektet er eit samarbeid mellom arbeidsgivar, kandidaten og den gradsgivande institusjonen, skal vere relevant for offentleg sektor og samtidig tilfredsstille krava til vitskapleg nivå som er forventa av eit doktorgradsprosjekt.

Samarbeid om kunnskapskartlegging

Som eit svar på eit konkret behov eller som ei kartlegging før eit forskingsprosjekt, blir det ofte gjennomført systematiske gjennomgangar av forsking og tidlegare arbeid på eit konkret felt.
Slike systematiske litteraturgjennomgangar kan også dekke område som kommunen ønsker meir kunnskap om.

Andre samarbeidsmåtar

I tillegg til formalisert samarbeid gjennom for eksempel forskningsprosjekt, finst det også fleire formar for samarbeid som er formalisert i mindre grad. 

Slike «lågterskelsamarbeidsformer» kan vere samarbeid om arrangement som forskingskonferansar, formidlingsseminar og dialogmøte.