Hopp til hovedinnhold
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
Søk på oslomet.no
  • Studier
  • Forskningen vår
  • Samarbeid
  • Universitetsbiblioteket
  • Om OsloMet
  • Kontakt oss
  • For studenter
  1. OsloMet
  2. ...Mellomliggende nivåer er skjult
  3. Samarbeidskommunar i regionen
  4. Ullensaker kommune

Ullensaker kommune

Ullensaker kommune og OsloMet samarbeider særleg innanfor sektorane helse og oppvekst.

Keplerstjernen av Vebjørn Sand ved Gardermoen flyplass

Om kommunen

Ullensaker er ein av Noregs raskast veksande kommunar, med snart 45 000 innbyggarar. Ullensaker er vertskommune for Oslo lufthamn Gardermoen, og ligg sentralt på Austlandet med byen Jessheim som administrasjonssenter.

Sysselsettinga i Ullensaker er dominert av tenesteytande næringar, i første rekke dei militære institusjonane til kommunen og OSL. I tillegg finst mange arbeidsplassar innan handel og serviceverksemd, og jordbruk med hovudvekt på korndyrking. 

I Ullensaker kan du velje om du vil bu landleg, bynært eller urbant. Kommunen har eit rikt idretts- og fritidstilbod, mangfaldig kulturtilbod og flotte naturområde.

Samarbeidet med OsloMet

Ullensaker kommune har ein ambisjon om at samarbeidet med OsloMet skal komme innbyggarane i kommunen til gode, særleg innanfor sektorane helse og oppvekst. Kommunen og universitetet har allereie samarbeid om å ta inn praksisstudentar, og har no signert ei intensjonsavtale om forsterka samarbeid.

Målet med avtalen er å etablere samarbeid innan nokre utvalte, konkrete område, til dømes:

  • Rekruttering av personar frå kommunane til studium ved OsloMet
  • Etablering av private og offentlege «universitetsverksemder»
  • Praksis for studentar
  • Etter- og vidareutdanningstilbod
  • Rettleiing av bacheloroppgåver og andre oppgåver
  • Offentleg sektor-ph.d. for tilsette i kommunen
  • Samarbeid om forskings- og utviklingsprosjekt
  • Pilotering innanfor kommunale tenesteområde og samfunnsutvikling
  • Innovasjon i kommunal sektor

Når det er etablert eit eller flere område for konkret samarbeid skal intensjonsavtalane erstattast med samarbeidsavtalar.

Publisert: 20.10.2023Sist oppdatert: 02.02.2026
Publisert: 20.10.2023Sist oppdatert: 02.02.2026

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

Postboks 4, St. Olavs plass
0130 Oslo
Tlf.: 67 23 50 00

Kontakt oss

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • English
  • Alumni
  • Ansattoversikt
  • Arrangementsoversikt
  • For ansatte
  • For studenter
  • Ledige stillinger
  • Personvernerklæring og informasjonskapslar
  • Pressekontakt
  • Tilgjengelegheitserklæring