Satsinga er eit bidrag til regjeringas samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv (forskningsradet.no), som vart lansert i Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023-2032.

Samfunnsoppdraget "inkludere flere barn og unge" treff OsloMet med breisida til. Vår forsking og våre utdanningar er avgjerande for å realisere samfunnsoppdraget, og vi ønskjer å bidra. Difor har vi gått inn med 10 millionar i strategimidlar for å styrke og synleggjere OsloMet sin forskings- og utviklingsinnsats.

Målet er å samle alt det gode arbeidet som allereie blir gjort av våre fagmiljø og å legge til rette for meir samarbeid om inkluderingsarbeidet med andre samfunnsaktørar.

Satsinga hadde formell oppstart i 2024.