Housing Lab, PANSOC og BOVEL
Under SVA-paraplyen finn vi, i tillegg til dei fire store institutta, tre spesialiserte nye forskingsmiljø.
Housing Lab – Nasjonalt senter for bustadmarknadforsking
OsloMet, Eiendomsverdi og Samfunnsøkonomisk analyse fekk i 2018 høve til å opprette forskingssenteret Housing Lab, finansiert av Finansdepartementet. Senteret har som formål å drive forsking på bustadmarknaden, på eit internasjonalt høgt nivå.
Les meir om Housing Lab på deira eigne sider (uni.oslomet.no)
Centre for Research on Pandemics & Society (PANSOC)
PANSOC er etablert som eit fremragende forskingsmiljø (EAE) ved OsloMet, og består av forskarar som driv med samfunnsvitskapleg forsking på pandemiar. Kva har sosioøkonomiske faktorar å seie for kven som blir sjuke og ikkje?
Ved å studere dette håpar forskargruppa å kunne bidra til betre beredskap for neste pandemi.
Les meir og få med deg siste nytt frå PANSOC på nettsida deira (uni.oslomet.no)
Senter for bustad- og velferdsforsking (BOVEL)
BOVEL er eit knutepunkt for forsking på låginntektsgrupper på bustadmarknaden, den kommunale bustadsektoren og effektar av offentleg politikk. Senteret har i utgangspunktet finansiering frå Kommunal- og distriktsdepartementet ut 2024.


