Kva kan du bruke Keenious til?

Keenious er eit tverrfagleg søkeverktøy basert på kunstig intelligens, som anbefaler relevante forskingsartiklar ved å analysere tekst i dokument du arbeider med. Verktøyet er særleg eigna til å få idear og inspirasjon i startfasen av arbeidet med ein tekst. Du kan også bruke det i sluttfasen for å sikre at du ikkje går glipp av viktige kjelder. Keenious erstattar ikkje tradisjonelle søkeverktøy, men kan brukast som eit supplement.

Du kan enten bruke Keenious-funksjonaliteten i Word eller på nettsida til verktøyet. Hovudskilnaden mellom dei to er at du hovudsakleg arbeider ut frå din eigen tekst i Word, mens du bruker promptar for å utforske eit tema og finne relevante kjelder på nettsida.

Verktøyet analyserer tekster og finn kjelder på fleire språk. Engelsk fungerer best sidan det meste av forskinga er på dette språket, men det er også mogleg  å bruke norsk med godt resultat.

Søk i Keenious blir ikkje tilgjengeleg for andre. Det vil seie at språkmodellar ikkje kan bruke søk i Keenious til trening. Personvern er også tatt vare på ved at Keenious ikkje bruker tekst frå søka våre til eigen trening av programmet.

Kurs i Keenious

Universitetsbiblioteket har kurs i Keenious. Oversikt over kommande kurs (student.oslomet.no).

Spørsmål?

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar om Keenious,