Videoproduksjon
Vi har spesialkompetanse innan alle fagfelt knytt til videoproduksjon og produserer dokumentarar, reklame og informasjons- og undervisningsfilmar både for interne og eksterne oppdragsgivarar.
Vi hjelper studentar og tilsette med å realisere store og små prosjekter enten som rådgjevarar i startfasen eller som produsentar for heile prosjektet.
Medieseksjonen har i periodar stort produksjonspress, så ventetid må påreknast.
Før du byrjar å planlegge innhaldet i ein film som skal publiserast på FilMet må du hugsa på:
Strøyming - direktesendt tv
Vi kan hjelpe deg med strøyming og/eller opptak av konferansar og forelesningar. Med strøyming kan du formidle innhaldet ditt til fleire enn dei som kan være til stades under sjølve arrangementet. Programmet blir produsert på direkten.
NB: Slike produksjonar er ressurskrevjande med omsyn til personar og utstyr, ta difor kontakt med oss minimum 3 veker før arrangementet skal haldast.
Lydproduksjon
Vi har eit fullt utstyrt fleirspors lydstudio basert på Avid HDX og Pro Tools, der vi gjer nær all postproduksjon av våre opptak og filmar. I studio kan vi utføre alt frå innlesing av enkel tale til opptak og fleirspors miks av orkester eller film.
Fotografering
Vi kan hjelpe med fotografering og kan også gje enkel introduksjon til kamerautstyr og fototeknikk til både studentar og tilsette. Vi held og kurs i introduksjon til fotografi, etter avtale.
Lån kamera og AV-utstyr i Oria (oria.no).