Vekker klasserommet til live med VR
Korleis kan vi gjere undervisning om klimaendringar meir engasjerande? Deniz Atal Demirbacak forskar på korleis Virtual reality (VR) kan brukast til å engasjere ungdomsskuleelevane.
Kort oppsummert
- Deniz Atal Demirbacak forskar på korleis VR kan gjere undervisning om klimaendringar meir engasjerande og forståeleg for ungdomsskuleelevar, med vekt på følelsesmessig tilknyting og årsak–verknad.
- Ho skal designe VR-opplevingar der elevane kan observere og påverke scenario, og sjå korleis eigne handlingar kan gi positive eller negative konsekvensar.
- Prosjektet skal intervjue lærarar og elevar, samt benytte seg av VR-ekspertar, og nyttar eit nettbasert VR-designmiljø slik at lærarar utan programmeringskunnskap kan skape og tilpasse scenario i tråd med læreplanen.
- Målet er varige, tilpassbare læringsressursar som får elevane til å spørje kvifor klimaendringar skjer, reflektere over eiga rolle og bli motiverte til å handle.
Delar av Kort oppsummert er laga ved hjelp av SIKT-KI. Teksten er kvalitetssikra av OsloMet.
– Eg vil at elevane skal forstå klimaendringane på ein djupare, meir konkret måte, som vekkjer meir følelsar, seier Demirbacak.
I september kom Deniz Atal Demirbacak frå Ankara University i Tyrkia til Norge gjennom Marie Skłodowska-Curie Actions Postdoctoral Fellowship-initiativet (ansatt.oslomet.no). Etter to månader med å handtere det praktiske ved å flytte til eit heilt nytt land, saman med mann og barn, er ho klar for å dykke ned i forskinga.
Dei neste to åra skal ho forske på korleis bruk av VR i undervisning kan auke elevar på ungdomsskulen sin evne til å forstå klimaendringane og inspirere dei til å iverksette tiltak.
Designar opplevingar for å vekke følelsar
For å få til det skal ho designe VR-opplevingar som får brukaren, i dette tilfellet eleven, til å både sjå, høyre, og av og til påverke, i miljø som er berørt av klimaendringane. Det skal også vere mogleg å vise eleven korleis deira eigne handlingar kan påverke, på godt og vondt.
– VR er eit kraftfullt verktøy, fordi det tek med eleven direkte inn i situasjonen. Opplevinga fangar merksemda deira, reduserer distraksjonar og hjelper dei å skape følelsesmessige band til innhaldet. Her kan dei observere årsak og verknad på ein måte som lærebøker og videoar ikkje klarar, seier ho.
– Må virke i eit ekte klasserom
For å få eit verktøy som er nyttig i undervisning, skal ho intervjue lærarar og elevar, i tillegg til ekspertar på VR. For Deniz er det viktig at eit slikt verktøy er pedagogisk relevant, meiningsfullt og i tråd med læreplanen, i tillegg til at det faktisk er nyttig i eit klasserom.
– Målet er at scenarioa vi brukar i verktøyet er tilpasningsdyktige scenario som er mogleg å bruke og endre lenge etter at prosjektet er ferdig. Eg ønskjer også at lærarane skal lære verktøyet, slik at dei sjølve kan bygge scenario som er relevante i framtida, seier ho.
– Eg vil at elevane skal spørje: Kvifor skjer dette?
Forskaren sitt store mål er ikkje berre å hjelpe elevar med å forstå klimaendringane, men å få ei følelsesmessig tilknyting som gjer at dei reflekterer over sine eigne liv, forstår relevansen og ønskjer å finne løysingar på problema.
– Eg vil at dei skal endre tankegangen frå at «klimaet endrar seg» til å tenkje på kvifor det skjer, korleis det påverkar dei og korleis dei sjølve kan gjere noko for å stoppe den negative utviklinga, seier ho.
Men korleis skal det gjerast? Har dagens lærarar høg nok digital kompetanse til å handtere slike verktøy på eiga hand?
Ikkje eit problem, seier Demirbacak.
– Ein av dei sterke aspekta til dette prosjektet er at vi skal benytte oss av eit nettbasert VR-designmiljø. Eg skal skape eit miljø basert på lærarane og elevane sine reelle problem og behov. Eg vil også få kontinuerlege tilbakemeldingar frå VR-ekspertar og kjem til å bruke tid på CICERO, senter for klimaforskning, for å få hjelp til å utvikle ulike scenario, seier ho.
Det betyr at lærarar som skal bruke verktøyet ikkje treng å kunne programmering for å skape eller endre materiale. Lærarane kan, med litt opplæring, sjølve utforske, endre eller bygge læringaktivitetar direkte i brukarvennlege grensesnitt, utan tekniske barrierar.
– Eg føler eit sterkt ansvar i rolla mi som forskar, og vil fullføre dette arbeidet som eit positivt bidrag til både utdanning og klimabevisstheit, avsluttar ho.
Referansar
Relaterte saker
- Oppvekst, skole og utdanning
Slik kan lærere gjøre undervisningen spennende
De beste tipsene for å vekke engasjement hos elevene.
- Oppvekst, skole og utdanning
Ungdommer er ofte mer politisk engasjerte enn de tror
Elever kan bli bevisste på sin egen politiske identitet når vi diskuterer saker de er opptatt av i klasserommet, mener forsker.
- Oppvekst, skole og utdanning
– Lektorane har mista status i samfunnet
I dei aller fleste samfunn er skule og lærarar sentrale, men noko har skjedd med statusen til lektorane.
- Oppvekst, skole og utdanning
Lærer: – Vi følte stolthet
Når lærerne får utvikle seg med utgangspunkt i egen arbeidshverdag, skaper det engasjement.
Forskningsartikkel av: Senter for profesjonsforskning (SPS)