Kommunesamarbeid
Storbyuniversitetet OsloMet har eit tett samarbeid med kommunar og fylkeskommunar i regionen. Vi samarbeider om forsking, utdanning og utvikling av morgondagens velferdstenester.
Kontakt
Ønsker du å samarbeide med oss om forskings-, utdannings- eller innovasjonsprosjekt, ta kontakt.
Aktuelt
Mastermentorar opnar døra til klasserommet for lærarstudentane
I eit nyskapande samarbeid har lærarar ved Rosenholm skole vore mastermentorar for grunnskolelærarstudentar som skriv masteroppgåve. Oppgåvene tar for seg reelle utfordringar hos skolen.
Studentsamarbeid gir ny kunnskap til Oslo-bydel
Masterstudentar frå fem utdanningar på OsloMet har jobba saman med bydel Søndre Nordstrand for å undersøke utfordringar knytt til barn og unge.
Etablerer OsloMet-huset i Lillestrøm
Romerike Sparebank og OsloMet har inngått ein samarbeidsavtale om å etablere OsloMet-huset i Lillestrøm.
OsloMet Holmlia blir vidareført
OsloMet Holmlia har bidratt til ei lang rekke initiativ som har komme studentar, befolkninga og tilsette til gode. No blir satsinga vidareført.
Barnehagelærarstudentar får jobb ein dag i veka
Oslo kommune og OsloMet inngår eit pilotprosjekt som gjer det enklare å kombinere utdanning og arbeid: Barnehagelærarstudentar får tilbod om 20 prosent lønt stilling i kommunale barnehagar.
Nye innovasjonsprosjekt i gang
OsloMet har lansert ei såkornfinansiering for å stimulere til innovasjon og styrke samfunnspåverknaden. Dei første prosjekta er no i gang.
Samarbeider med Nes kommune om betre ernæring for småbarn
Masterstudentar i helsesjukepleie deltar i eit forskingsprosjekt i samarbeid med helsestasjonen i Nes kommune. Målet er betre rettleiing i ernæring for småbarn.
Sterkare samarbeid med Utdanningsetaten
Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium har fornya samarbeidsavtalen med Utdanningsetaten i Oslo kommune om kvalitet i lærarutdanningane.
Samarbeider om betre livskvalitet for sjuke barn
– Samarbeidet med OsloMet har gitt oss eit ekstra løft og har bidratt til å drive arbeidet framover, seier barnekoordinator Ole Petter Berg frå Bydel Søndre Nordstrand.
– OsloMet er viktig for Oslo kommune
Det var bodskapen frå byråd for kultur og næring Anita Leirvik North da ho besøkte universitetet saman med ein delegasjon frå Oslo kommune.
Samarbeid om folkehelse
Som ein del av Universitetskommune-avtalen, arrangerte Oslo kommune og OsloMet i slutten av september ein workshop for å styrke samarbeidet om utvikling av kommunen sine tenester knytt til folkehelse.
OsloMet-studentar løyser utfordringane i næringslivet
Intelligent helse har arrangert HealthHACK for tredje gong, og OsloMet-studentane fekk bryna seg på reelle problemstillingar frå næringslivet.

