Grønland kan bli uavhengig når som helst – økonomien er største hinder
Etter modernisering og assimilering har fleire grønlendarar jobba for full lausriving frå Danmark.
Kort oppsummert
- Grønland blei kolonisert av Danmark-Noreg og gjort til dansk amt i 1953. Grønland fekk heimestyre i 1979 og sjølvstyre i 2009. Sjølvstyrelova gir rett til sjølvstende via folkeavstemming.
- Andre verdskrig gav meir sjølvstyre og USA-kontaktar. Sidan 1951 har USA og NATO kunna etablere militærbaser, mens ressursrettar ligg hos grønlendarane.
- Det er brei støtte til sjølvstende for Grønland, men økonomien er største hinder for fullt sjølvstende frå Danmark.
- Politiske program på 1950–60-tals innførte velferd og aggressiv assimilering som tvangsflytting frå bygder til byar og byplanlegging etter dansk førebilde.
Kort oppsummert er delvis laga ved hjelp av Sikt KI. Teksta er kvalitetssikra av OsloMet.
Før 1721 var Grønland, eller Kalaallit Nunaat, ein urfolksnasjon. Deretter blei landet kolonisert av Danmark-Noreg.
– Då unionen med Noreg blei broten i 1814 blei Grønland verande ein dansk koloni fram til 1953, fortel forskar Tone Huse.
Etter dette blei Grønland innlemma i Kongeriket Danmark som eit amt, tilsvarande eit fylke.
– Ein kalla det i Danmark spøkefullt "Nord-Danmark", seier Huse.
Grønlendarane kjempa for sjølvstende
Urfolket, eller inuittane, i Grønland har lenge kjempa for sjølvstende og sjølvstyre.
– Heimestyre blei innført i 1979, og i 2009 kom sjølvstyre, fortel Huse.
Heimestyre blir karakterisert som eit indre sjølvstyre, mens ordninga frå 2009 liknar meir på ei blanding av heimestyre og full avhengnad.
Danmark som "snille kolonialistar"
– Ideen om "snill kolonialisme" er noko nordiske kolonistatar har skapt om seg sjølve, forklarer Huse.
Det er ikkje slik nordiske land verkar, men slik dei ønsker å bli oppfatta.
– Det gjeld også Noregs framferd i Sápmi, heimlandet til samane, og for Danmark i Grønland, seier ho.
Korleis oppfattar danskar sjølv Danmark som kolonimakt i Grønland?
– Det svaret er nok ganske ulikt ut frå kva danske du spør, svarar Huse.
Overraska over kor synleg Danmark var
Huse har sjølv budd i Grønland og blei overraska over kor synleg Danmark som nasjon er der.
– Danmark er til stades gjennom språket og ved at det bur mange danskar der. Du høyrer dansk overalt, seier Huse.
Nokre danskar har omfamna kulturen til grønlendarane med audmjukskap, men ikkje alle.
– Eg har også møtt veldig mykje rasisme. Og han kan kjennast igjen i den danske debatten om Grønland, seier Huse.
Samtidig trur ho at det skjer ei oppvakning og auka bevisstheit for rasismen.
– Fleire danskar ser at Grønland har stor verdi for Danmark, og at det er verdifullt å ha grønlendarane med på laget, seier ho.
Huse håpar denne bevisstgjeringa opnar for eit oppgjer med fortida:
– Eg håpar dei tar eit grundig oppgjer med kolonitida og rasismen mot grønlendarane.
Tvangsinnsatte spiralar på unge jenter
Ei sak det no blir tatt eit oppgjer om i media og domstolar er "Spiralsaka".
Andre verdskrigen kuttar sambandet til Danmark
Under andre verdskrigen blei sambandet mellom Danmark og Grønland brote fordi Danmark blei okkupert. Dette førte til at Grønland søkte nye handelssamband med USA.
– Grønlendarar opplevde i denne perioden auka grad av sjølvstyre og materiell vekst. Då krigen var over, ønskte dei å fortsette moderniseringa og styre meir sjølv, seier Huse
I staden gjer Danmark Grønland til eit amt, ikkje eit sjølvstyrt territorium.
Moderniserte og assimilerte
– På 1950- og 1960-talet rulla danske myndigheiter ut to tiårsprogram – politiske program – for å modernisere Grønland og innføre ein velferdsstat, forklarer Huse.
Samtidig blei det ført ein aggressiv assimileringspolitikk.
– Den dansken Grønlandspolitikken omfatta skoleverk, utdanning, helsevesen, inkludert kontroll av fertilitet, bustadpolitikk og næringsliv – kva grønlendarar skulle bu i og leve av, seier ho.
Tvangsflytta grønlendarar etter krigen
– Danske myndigheiter bestemmer på 1950- og 1960-talet at Grønland skal bli økonomisk uavhengig.
For å få til dette, bestemmer dei at grønlendararne må blir tvangsflytta inn i byar.
– Myndigheitene peikar på eksport av torsk og behov for fiskeri og fiskefabrikkar. Dermed startar tvangsflyttinga frå bygdene til såkalla "openvassbyar" – byar der isen ikkje pakkar seg og stenger tilgang til hamna, seier Huse.
Bygget byar etter dansk førebilde
Grønlendarar blei i mange tilfelle tvangsflytta inn i by- og bustadstrukturar forma ut etter danske førebilder.
– Det gjekk føre seg ei byplanlegging som ledd i assimileringsmaskineriet, samtidig som grønlendarar opplever auka materiell velstand, seier Huse.
Korleis levde grønlendarar før konsentrasjonspolitikken?
– Inuittane er i utgangspunktet eit nomadisk folk som bevegar seg gjennom ulike område etter årstidene. Dei følgjer dyra og er framleis i dag dyktige jegerar og fangstmenn, med stor kunnskap om og respekt for naturen, seier Huse.
Frå nomadesamfunn til vestleg kapitalisme
Overgangen til ein vestleg kapitalistisk tankegang var ein stor kontrast.
– Mange grønlendarar handterte denne overgangen godt, men assimileringspolitikken skapte også traume. Dette må Danmark i dag svare for og kompensere for, etter mi meining, seier Huse.
Danmarks rolle i Grønland starta med Noreg
– Noregs rolle i Grønland begynte med dei norrøne busettingane, forklarer Huse.
Dei bestod av utvandrarar frå Island og Noreg som slo seg ned på øya allereie på 900-talet. Rundt 2000 menneske busette seg der.
– Vikingane busette seg på to ulike stader i Grønland og gjekk med på å vere skattland til Noreg. Dermed blei Grønland oppfatta som del av kongeriket Noreg då Noreg gjekk inn i union med Danmark.
I enkelte kretsar i Noreg drøymde ein om norsk eigarskap til øya heilt fram til 1930-talet.
– På 1930-talet prøvde ei gruppe menn å etablere ein koloni på austkysten og legge hevd på delar av austkysten som norsk, seier ho
Korleis gjekk det?
– Saka blei tapt i domstolen i Haag, som meinte at Grønland rettmessig tilhøyrde Danmark.
USA har avtale med Danmark og Grønland
Sidan 1951 har USA hatt ei avtale med Danmark som gir USA og NATO stor tilgang til å etablere basar og ha militære operasjonar på øya.
– Samtidig tilhøyrer retten til ressursane i undergrunnen grønlendarane. Det er ein peikepinn på kvifor Trump-administrasjonen ønsker meir kontroll, seier Huse.
Dermed kan ikkje Danmark kan selje naturressursar i Grønland til USA.
Vil grønlendarar bli amerikanske?
Kva veit vi i dag om grønlendarar ønsker å bli amerikanske?
– Debatten rundt sjølvstende var svært framståande under det siste politiske valet i Grønland. Det er stor støtte til sjølvstende, men korleis ein skal komme dit, er gjenstand for ein open, sunn politisk debatt, seier ho.
Kan Grønland bli uavhengig?
– Grønland kan bli eit uavhengig land når det vil; denne retten ligg i sjølvstyrelova. Ei folkeavstemming kan utløyse eit sjølvstendekrav når som helst, seier Huse.
Så kva er det som stoppar dei?
– Det som ofte blir peika på som hinder, er økonomien: Det trengst ein sterk og mangfaldig nok økonomi til å finansiere statsapparatet og dei tilboda innbyggarane treng.
Referansar
Relaterte saker
- Arbeidsliv, samfunn og velferd
- By, regioner og urbanitet
Psykiske plager utbredt blant ukrainske flyktninger
65 prosent av ukrainske flyktninger i Norge opplever mentale helseutfordringer. Kvinner og yngre er særlig utsatt.
- Arbeidsliv, samfunn og velferd
- By, regioner og urbanitet
Kun en av ti ukrainere vil tilbake
Svært få ukrainske flyktninger sier de vil returnere til Ukraina når det blir fred. Halvparten sier de ønsker å bli i Norge uansett.
- Oppvekst, skole og utdanning
- Informasjonssystemer og teknologi
Utdanning som motstandskamp i Gaza
Midt i den forferdelege krigen i Gaza har unge palestinarar risikert livet for å logge seg på nett og skaffe seg ei utdanning. For mange gir krigen i seg sjølv motivasjon til å lære.
Forskningsartikkel av: By- og regionforskningsinstituttet NIBR
