Skal undersøkje effekten av foreldrestøtte og ekstra helsehjelp til sårbare førstegongsmødrer
Kan foreldrestøtte og utvida helsehjelp til førstegongsmødrer i krevjande livssituasjonar gi barnet ein betre start på livet? Eit nytt, stort forskingsprosjekt, leia av forskarar ved Arbeidsforskingsinstituttet AFI, skal undersøkje dette.
− Dette er eit svært spennande prosjekt. Kommunane som er med skal tilby intensiv oppfølging av mødrer i krevjande livssituasjonar som ventar sitt første barn. Oppfølginga skal dei få av ein spesialopplært familiesjukepleiar som skal følgje familien frå graviditeten til barnet er to år, med opp til 64 heimebesøk, fortel Anne Grete Tøge, som skal leie prosjektet saman med Eirin Pedersen. Begge er seniorforskarar ved Arbeidsforskingsinstituttet AFI ved OsloMet.
Alle som har fått barn veit at både graviditet, fødsel og dei første par åra kan vere krevjande. Men for nokon kan det vere ekstra krevjande. Til dømes om dei har problem med psykisk helse, rus eller økonomi. Det kan også vere vanskeleg for foreldra om dei er svært unge, dei lever i eit konfliktfylt forhold eller har opplevd vald, overgrep eller omsorgssvikt i eigen barndom.
Tverrfagleg forskarteam
No har eit tverrfagleg team med bakgrunn frå sosialt arbeid, sosiologi, sjukepleie, utviklingspsykologi og helseøkonomi fått i oppdrag av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) å undersøkje om utvida helsehjelp til eit utval førstegongsforeldre vil kunne gje barnet ein potensielt betre start på livet enn dei ville fått med vanleg helsehjelp.
Eit program kalla «Familie for første gang/Nurse Family Partnership» (NFP) skal prøvast ut i ei rekkje kommunar, etter vellukka pilotforsøk i Rogaland og Oslo, og dokumenterte, gode effektar i andre land som USA, England, Skottland og Nederland.
− Sjukepleiarane skal fremje kompetent og sensitiv omsorg, stimulere til eit godt samspel mellom foreldre og barn, og hjelpe foreldra med å betre sin eigen livssituasjon, forklarar Eirin Pedersen.
Til dagleg i programmet blir desse sjukepleiarane omtala som "familiesjukepleiarar", sjølv om dette ikkje er ein formell eller beskytta tittel.
Mange skjebnar
Hensikta er å etablere eit godt tilbod til vanskelegstilte foreldre, og styrke dei i foreldrerolla. Slik kan ein:
- redusere potensielt negative konsekvensar, til dømes vald
- fremje god helse
- gjere effekten av sosial arv mindre
− Det er artig å få vere med og evaluere ei så stor satsing. Ho involverer mange tenester og mange enkeltskjebnar. Programmet var opphavleg retta mot unge mødrer, men her i Noreg er det aktuelt å ha førstegongsfødande mødrer i alle aldrar, og fedrane vil indirekte vere ein del av prosjektet, seier Pedersen.
Tidlegare studiar har vist overtydande effektar på førebygging av vald, helseåtferd i graviditeten og utviklinga hos barnet, men dei mest overtydande effektane har dei sett i langstidsstudiar.
− Frå mora blir gravid til barnet er to år vil eg seie det er eit moglegheitsvindauge for foreldra til å gjere gode val i livet. I den prosessen kan ein familiesjukepleiar vere til god hjelp, seier Pedersen.
Over 30 kommunar skal med
Målet er å rekruttere minimum 500 familiar, der halvparten av familiane blir ei kontrollgruppe som får det vanlege tilbodet frå helsestasjonen. Undervegs skal dei mellom anna undersøkje personleg helse hos mor, helsa og utviklinga til barnet, deriblant om det leiar til færre tilfelle av omsorgssvikt. Dei skal òg sjå på foreldra sitt livsløp, slik som utdanning og arbeid.
Eirin Pedersen var ein av to prosjektleiarar for evalueringa av pilotkommuneforsøket. Der fann dei ut at mellom to og fire prosent av alle førstegongsforeldra kan vere i målgruppa for prosjektet, som no blir utvida frå to til åtte sentrumsområde i Noreg, og skal omfatte i overkant av 30 kommunar.
Ho meiner prosjektet er spennande uansett kva dei finn.
− Om vi finn at programmet har ein effekt, vil det gje grunnlag for å kunne rulle ut programmet over heile landet. Om vi ikkje finn nokon effekt, kan det tyde på at velferdstilbodet til denne gruppa i Noreg allereie er godt nok eller at vi må leite etter andre tiltak, seier ho.
Dette er første gong det blir gjort ein så omfattande effektstudie på førebyggjande innsats på oppvekstfeltet i Noreg, ifølgje Bufdir.
− Det er svært viktig at kommunane og tenestene kan basere sine val av tiltak på kunnskap om at tiltaka verkar og har effekt for målgruppa, seier Eirunn Lysø, avdelingsdirektør for kunnskapsstyring/forsking i direktoratet.
Relaterte saker
- Arbeidsliv, samfunn og velferd
Foreldre diskrimineres i arbeidslivet
Det er ingen arbeidsgivere som ønsker å behandle foreldre dårlig, men både rigide arbeidsmåter og økonomiske rammebetingelser gjør det vanskelig å tilrettelegge for dem.
- Helse og sosialt arbeid
Fødende kvinner vil ha ekte og personlig omsorg
En ny norsk studie har undersøkt hva som er viktig for kvinner når de skal føde.
- Helse og sosialt arbeid
Hvilken fødsel foretrekker norske kvinner?
OsloMet-forsker Lena Henriksen har flere råd til gravide som har fødselsangst og ønsker seg keisersnitt.
- Oppvekst, skole og utdanning
Hvordan skal barna oppdras?
Skal man holde på foreldrenes tradisjoner eller bryte med dem og bli mer som majoriteten i Norge?
- Helse og sosialt arbeid
Myter om graviditet
Er det sunt med sex når du er gravid? Blir du lykkeligere av å få barn?
- Oppvekst, skole og utdanning
Norske barn har det veldig bra, men ikke alle
Det viser svarene fra over 15 000 barn mellom 10 og 12 år som har deltatt i spørreundersøkelsen Ungdata junior.
- Oppvekst, skole og utdanning
Slik blir barn og unge utsatt for seksuelle overgrep på nett
En forskningsrapport fra NOVA viser hvordan barn og unge kan bli utsatt for nettovergrep.
Forskningsartikkel av: Arbeidsforskningsinstituttet AFI

